Norsk Fiskerinæring

Utgave 2 - 2020

Issue link: https://digital.findexaforlag.no/i/1219440

Contents of this Issue

Navigation

Page 26 of 131

27 "Norsk Fiskerinæring" nr. 2 - 2020 Høyviks kommentar For Idar Tarberg frå Moltustranda har havet vore arbeidsplassen frå han var femten år til han pensjo- nerte seg som 62 åring. I 1962 fekk han sin første jobb som messe- gut på «Langvin» fra Ålesund. 4. august var båten på veg til Vest- Grønland da den grunnstøytte i Flåværleia. Ingen kom til skade, men båten kom ikkje til feltet. Berre ei veke etter grunnstøytinga var Idar igjen på veg til Vest-Grønland, no om bord i Hordalandsbåten «Hans O», som var eigd av den legendariske notbasen Hans O. Vin denes. Då Idar var 16 år tok han til på kokke- og servitørlinja på Herøy Yrkesskule, og som 17 åring reiste han som stuert på ishavs- skuta «Grande». Litt av ei oppgåve for ein 17-åring å koke til 12-15 mann og ha ansvar for at det var nok proviant om bord. Etter arbeid på ulike båtar gjekk han i 1967 om bord i Ålesunds- båten «Jan Mayen». Mars 1968 I verda var det mykje uro og stu- dentdemonstrasjonar i 1968. På Sunnmøre gjorde båtane seg klar for selfangst i Vesterisen og ved New Foundland. Startdatoen ved New Foundland var dette året utsett med ti dagar til 22. mars. I Vesteri- sen var startdatoen først 31. mars. Ei av skutene som skulle til New Foundland var «Jan Mayen», der 20 år gamle Idar Tarberg var stuert. Dei tek om bord olje og vatn og anna utstyr. Dynamitt var med dersom dei måtte skyte vekk is, og sjølvsagt ammunisjon — mykje ammunisjon. Idar Tarberg pas- sar på å få om bord nok mat til 23 mann. Mat som skal vare i fleire veker. Litt av ein logistikk, og han har ikkje råd til å bomme. Er det slutt på maten, er det slutt på turen! Dei frosne matvarene blir lagra i det store fryserommet heilt framme og nede i båten. Etter kvart er skuta tung i vatnet, og det blir sagt at om ho er like lasta når ho kjem heim som når ho går, er det ein bra tur. Det var ti norske skuter som gjekk til fangstfelta ved New Foundland i 1968, mot femten året før. Dei internasjonale protestane mot selfangsten var i ferd med å skape uro i marknaden for sel- skinn. «Vi hadde dårlegare tru på denne turen, enn turane åra før», fortel Idar. Kuling og storm Mars er skiftet mellom vinter og vår, og lågtrykka spelar post ludium før det kjem lysare og rolegare tider. Lågtrykka hissa seg framleis opp vest i Atlanterhavet, og kjem susande i møte med båtane som styrer ein vestleg og sørvestleg kurs på veg til fangstfelta. 10. mars gjekk «Jan Mayen» ut frå Ålesund. «Vi vart møtt av ein stiv kuling når vi kom ut for land, og eg trur ikkje det var under stiv ku- ling for heile tida», fortel Idar. Men matlaginga måtte gå sin gang sjølv om alt var i lause lufta. «Ikkje for å skryte, men eg har aldri forsømt eit måltid på grunn av veret», fortel Idar. Livet om bord gjekk sin gang. Mannskapet gjekk sine vakter, sov og møtte opp til måltida så sant det let seg gjere. Femten mann hadde lugarar framme under bakken på skuta, og det var av og til risikos- port å gå over det opne dekket når storhavet braut over båten. Av og til måtte dei vente på klarsignal frå styrehuset før dei kunne springe over dekk utan å få ein brotsjø i nakken. Harald Teigene frå Hareid var mannskap om bord i «Polarstar» som gjekk til fangstfelta ved New Foundland sju dagar før «Jan Mayen». Dei hadde noko last som skulle til Halifax. «Det var veldig dårleg vér. Vi måtte gå inn til Færøyane med ein mann som Drama på hav og is Det vart berre to dagar med fangsting i Vesterisen før ulukka var ute. (Foto: Idar Tarberg)

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Norsk Fiskerinæring - Utgave 2 - 2020