Kondis

Kondis Utgave 2 - 2020

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: https://digital.findexaforlag.no/i/1217688

Contents of this Issue

Navigation

Page 62 of 71

63 Kondis 2 • 2020 PERSPEKTIV I oppveksten var det pinse- eller sommarleir i kristen regi. Etter at eg vart vaksen, har eg dei fleste åra vori på minst ein treningsleir. Av Runar Gilberg Eg burde sikkert ikkje, i desse klimatider, skrive fint om treningsleirar i sørlege strok, men sia eg fekk dosen min av påført skyld frå både leirleiarar og andre moralvaktarar som liten, så får det våge seg om det blir vinterturar til varmare strok – utan særleg mykje skam i bagen. For synd eller ikkje synd – det er eit godt liv å vera på treningsleir. I år gjorde eg det igjen. Reiste til ei kanarisk øy midtvinters. Gjekk fjelltur i shorts og singlet, sprang i berr overkropp, slo eit slag minigolf, vassjogga i bassenget og leika litt i buldreveggen. Stort sett to økter om dagen – før frukostbuffeen og restaurantbesøket om kvelden. Det var eit leikande liv, og også denne gongen hadde eg nokon å leike med. Likesinna, rørsleglade folk. På hardøktene danna eg baktropp, medan vi på dei rolege utforskingsturane var nokolunde samla. Når bakkane ikkje var for bratte eller motvinden for frisk, gjekk praten livleg om både tre- ninga og livet elles, enten sola var på tur opp eller på tur ned. Fotball og natursti På sommarleirane i oppveksten var det òg mykje leik, og dei to tinga eg hugsar best, var fotballkampane og naturstiane. Nokre av leiarane var trolsk gode med ballen, og det var stort å få vera på lag med – eller spele mot – så gode spelarar. Vanka det litt skryt, kunne ein liten tass leva lenge på det. Naturstien tok oss med ut i skogen og lærte oss å kjenne att dyrefar og namnet på plantar og tre. Også her var det lagarbeid, og konkurransen om å vinne var omtrent like stor som på fotballbana. Så fekk det våge seg at leiken vart avbroten av både bibeltimar og kveldsmøte. Det var berre ein fast del av pakka – eg visste ikkje om leirliv fri for slikt. Det gjer eg no, og eg nyt det. Sola mot kroppen, sveitten i ansiktet, boka ved bas- senget, havet som lokkar om eg vil kjøle meg ned enda meir. Eigenverdi Like lite som ein treng å dra på treningsleir for å bli god til å springe, treng ein vera på Ingebrigtsen-nivå for å dra på treningsleir. Vebjørn Rodal klarte seg fint med akebrettet på Berkåk, og eg har sprungi minst like fort dei sesongane eg ikkje var på treningsleir om vinteren. Men for meg har slike opphald ein eigen- verdi. Å ha ein stad der eg kan kople av frå jobbstress og saltasnø. Berre vera til. Røre meg når eg kjenner for det. Slappe av når økta er gjort. Og dreg Ger eller nokon andre i gang ein quiz om kvelden, så minnest eg den gode leirkjensla frå oppveksten. Ikkje fordi eg trur eg vinn. Men fordi eg er så heldig at eg får vera ein stad eg liker med folk eg liker. På favorittøya Nyleg fekk eg ei melding frå ein eg mange gonger var på treningsleir med for eit par tiår sia. No var han på ferie på favorittøya, og sjølv om forma ikkje var som ho ein gong var, hadde han sprungi kvar einaste dag: «Fantastisk å se utover havet her. Elsker det, og det samme gjør kroppen. At jeg skulle kunne løpe hver dag, er for meg utrolig. Hjemme har jeg knapt energi til ei løpeøkt i uka, og hælen streiker rett som det. Nei, dette er livet.» Syndarar i sommarsol. Mild havbris under stjernehimmelen om kvelden. I morgon spring vi øya på tvers. På utflukt: Langtur høyrer med når ein har god tid til å trene. (Foto: Marianne Dønnem) Det leikande livet – på treningsleir «Like lite som ein treng å dra på treningsleir for å bli god til å springe, treng ein vera på Ingebrigtsen-nivå for å dra på treningsleir.»

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis Utgave 2 - 2020