Kondis

Kondis Utgave 2 - 2020

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: https://digital.findexaforlag.no/i/1217688

Contents of this Issue

Navigation

Page 17 of 71

18 Kondis 2 • 2020 Kristine Lande Dommersnes har nesten alltid litt ekstra å gi mot slutten. På 3000 meteren i NM innandørs sikra det henne gullet. Av Runar Gilberg – Eg er ikkje av dei raskaste, men eg har så å seie alltid ein spurt til slutt, fortel Kristine Lande Dommersnes på telefon frå Mar de Pulpi i Spania. Der er ho på treningsleir med løparar frå sin eigen klubb, Haugesund IL, og frå Stavanger-klubben Skjalg. Det høyrer òg med til historia at det var Kristine sjølv om hadde dratt storparten av 3000 m-løpet i NM og slik matta ut konkurrentane før spurten. Så her var ho aldeles ikkje nokon gratispassasjer som berre stakk av til slutt. – Før NM visste eg at eg var i grei form, for eg hadde fått trena bra utan skade- eller sjukdomsavbrott. Men det var mange sterke løparar med, og eg hadde ikkje forventa å vinne. Heldigvis var beina greie, og det fungerte ganske så bra, seier ho med eit lite understatement. Til slutt vann ho på 9.42,77 og var 2 sekund føre Andrea Modin Engeseth på andreplass. I Nordenkampen ei veke seinare hadde dei to ein ny fight, og også da var Kristine først i mål – no med ein hundre- dels margin. 9.33,92 var ny pers og heldt til ein femteplass totalt. – Trenar du mykje spurt, eller er du berre ein fightar frå naturens side? – Eg føler det er noko eg har i meg, noko mentalt, for eg driv ikkje så Kristine Lande Dommersnes : Spurtsterk og treningsglad mykje sprinttrening, fortel Kristine, som vedgår at ho òg har eit sterkt konkurranseinstinkt. – Det merkar eg òg når eg speler biljard eller bowling med vennene mine. Eg er ikkje særleg god, men eg likar ikkje å tape. Aktiv oppvekst Det å vera i aktivitet var noko ho fekk med seg tidleg i oppveksten. Med hytte på fjellet vart det mange skiturar. Faren var på landslaget i karate, og mora spelte handball. Søstra til Kristine dreiv òg med karate og broren med triatlon. – Sjølv spelte eg handball i åtte år. Friidrett begynte eg med i sju- ande klasse, men så gjekk eg litt lei og slutta i åttande. Mot slutten av niande starta eg på nytt, og da eg gjekk i tiande klasse, fekk eg Kåre Osnes som trenar. Da vart det fort framgang og mykje kjekkare. Så du kan seie at eg har trena springing ganske seriøst sia slutten av tiande klasse, seier Kristine som no er 20 år og er førsteårsstudent ved Lærarhøgskolen i Bergen. I helgene er ho likevel ofte i Haugesund og trenar med Kåre og HIL-gjengen. I vekene spring ho av og til intervall med Varegg om tysdagane pluss at ho avtalar turar med andre løparar, som det finst mange av i Bergen. – Men eg må ta det litt når det passar sia det er mykje å gjera på studiet. U23-EM på heimebane Målet for denne sesongen er først og fremst å forbetre persane. – Eg bør klare å springe under 9.30 på 3000 m og kanskje 4.22 på 1500 m. Det hadde òg vori kjekt å bryte 2.10-grensa på 800 m. 5000 m-persen må eg òg få gjort noko med, svarar HIL-løparen på spørsmål om måla for resten av sesongen. Sia det ikkje er noko U23-EM i år, ser ho i staden fram til neste års meisterskap som til overmål går på hennar nye heimebane i Bergen. – Det hadde vori gøy å springe bra der – og ekstra artig når det er på heimebane. – Kva er det du liker best med springinga? – Å sjå at eg blir betre frå år til år. Det er motiverande å ha ein så flink trenar, som har har så mykje kunnskap og veit kva som skal til. UNG-KONDIS Kristines trening veke 8 Siste del av veka var på treningsleir med ekstra god tid til både trening og restitusjon Måndag 1. økt: Roleg løping 45 min 2. økt: Roleg løping 45 min + drill + 5 stigningsløp + 5 x 100 m i piggsko Tysdag (reisedag) Roleg løping 60 min + 5 x 10 sek bakkesprint + basisstyrke Onsdag 1. økt: Roleg løping 45 min 2. økt: Intervall 10 x 4 min, pause 45 sek Torsdag 1. økt: Roleg løping 60 min 2. økt: Roleg løping 40 min + drill + 6 x 20 sek (roleg – middels – fort) Fredag 1. økt: Roleg løping 40 min 2. økt: Intervall 30 x 1 min, pause 30 sek Laurdag 1. økt: Roleg løping 60 min 2. økt: Løping 35 min (roleg 15 min – hurtigare siste 20 min) + 4 stigningsløp + basisstyrke Sundag 1. økt: Intervall 10 x 3 min, pause 45 sek 2. økt: Intervall 4 x 2000 m, pause 90 sek Kristine Lande Dommersnes Alder: 20 år Bustad: Studerer i Bergen, er frå Haugesund Yrke: Førsteårsstudent på Lærerhøgskolen i Bergen Klubb: Haugesund IL Trenar: Kåre Osnes Idrett: Mellom- og langdistanseløping Persar: 2.11,67 på 800 m, 4.26,12 på 1500 m, 9.33,92 på 3000 m (innandørs), 17.10,33 på 5000 m og 34.58 på 10 km Merittar: Gull 3000 m og bronse 1500 m NM innandørs 2020, gull 3000 m U20 nordisk 2018, gull 3000 m og 1500 m junior-NM 2019, gull 3000 m UM 2018, 16. plass 1500 m U23-EM 2019, 25. plass på 1500 m i U20-EM 2017, 2 sigrar i Djupadalten Foto: Runar Gilberg

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis Utgave 2 - 2020