Kondis

Kondis Utgave 7 - 2019

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: https://digital.findexaforlag.no/i/1169052

Contents of this Issue

Navigation

Page 60 of 71

61 Kondis 7 • 2019 PERSPEKTIV For ikkje så lenge sia skulle eg inn på Toppidrettsenteret for å trene. I inngangsdøra møtte ein kar eg berre kjenner så vidt. Han kom gåande på krykkjer og var så glad. Av Runar Gilberg D et var ikkje a k k u r a t det eg venta – at ein som halta rundt på kryk - kjer, skulle stråle av glede. Men jau, og eg fekk veta korfor. – No har eg operert også den andre hofta, og det er så fint. No har eg ikkje ordentleg vondt lenger. Det er berre muskulaturen og såra som er ømme og som må gro. Så går det seg til. Tenk så heldig eg er som bur i Noreg, og som kan få sett inn kunstige hofter når dei eg sjølv har, sviktar. Frå gammal tid Han visste kva han snakka om, for det var fleire år sia han hadde operert den andre hofta, som òg hadde vori veldig vond før inngrepet. – Vi skal ikkje så veldig lang tid tilbake – eller flytte oss så langt geografisk – før eg hadde måtta klart meg med dei utslitne og vonde hoftene resten av livet, reflekterte han, før han la til: – Eg har sett bilete frå gammal tid der eldre folk kreker seg krokut rundt på krykkjer. For mange av dei var det nok hoftene som hadde svikta, men den gongen var det ikkje berre å dra til sjukehuset og få nye. Derfor var det altså at han var så glad sjølv om han gjekk på krykkjer. Han var på veg til eit liv med mykje mindre smerte. I staden for å deppe over at hans eigne hofter hadde svikta, var han takknemleg for å bu i eit land og ei tid der det var hjelp å få. Opptreningsperiode Sjølv har eg i løpet av dei siste fem åra i to periodar gått rundt på krykkjer. Eg har ikkje bytta ut hælane, men fått fjerna beinutvekst og reinska opp rundt festet til akillessena slik at eg kan springe vidare. Opptreningsperioden etter den siste ope - rasjonen har vori lang, og sjølv snart tre år etter inngrepet er ikkje høgre hælen som han ein gong var – på 1990-talet. Kvar gong eg spring, seier den ifrå så mykje at eg blir minna på at det ikkje er sjølvsagt at eg kan springe. Men unngår eg å overdrive, kan eg springe mesta kvar dag. Utan krykkjer og utan at det gjer meir vondt enn at eg fint kan leva med det. Eg veit ikkje om det synest – når folk møter meg i løypa eller i døra – men eg er glad. For å ha fått hjelp, for at eg enda ein gong kan springe hausten i møte. Ti minutt etter praten med man - nen med krykkjene var eg i gang med rehab-øvingane for hælane mine – og ein del andre lekamsdelar – nede i styrkerommet på Toppidrettsenteret: 3 x 8 x 50 kg tung sakte tåhev. Takknemleg for å ha fått ein sjanse til, og for at eit hyggeleg møte i døra minna meg på kor heldig eg er. På veg: Verken gleda eller evna til å røre seg treng å bli borte sjølv om ein må ta krykkjene fatt. (Foto: iStockphoto) Vi som fekk ein sjanse til «Kvar gong eg spring, seier hælen ifrå så mykje at eg blir minna på at det ikkje er sjølvsagt at eg kan springe.»

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis Utgave 7 - 2019