Kondis

Kondis Utgave 5 - 2019

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: https://digital.findexaforlag.no/i/1131874

Contents of this Issue

Navigation

Page 68 of 79

69 Kondis 5 • 2019 PERSPEKTIV Sjølv bur eg berre to og ein halv kilometer frå jobb, men vi er ikkje så mange i nabolaget som vurderer strekninga som gåavstand. Både bus- sen og banen – for ikkje å snakke om bilane – fyllest opp med folk som skal ca. like kort. Ned og opp turstien gjennom det idylliske Damefallet er det alltid god plass. Eg såg nettopp eit Dagsrevy-intervju med leiaren for Folkeaksjonen nei til mer bompenger. Han ramsa opp kor ille det var at folk måtte betale bompengar for heilt nødvendig køyring – for å komma seg på jobb, til butikken, posten og til og frå trening. At det for mange ganske sikkert er mogleg å gå – og i enda større grad sykle – til desse stadene, såg ikkje ut til å streife verken han eller journalisten som intervjua. Om vi hadde fått endra oppfatninga av kva som er normal gå- avstand frå 0,5 til 5 km, ville mykje av behovet for både vegutbygging og bomstasjonar gått kraftig ned. Og helsa til både naturen og men- neska ville vorti mange hakk betre. I genane Frå tidenes morgon har mennesket gått. Over savannen, inn i jungelen, ut av Afrika, mot nord og aust og vest. Alt som var, var i gåavstand. Vandringa tok den tida ho tok. Ein del springing vart det heilt sikkert innimellom – i kappleik, krig eller når ein skulle leggje ned eit bytte. Men ein kom langt med å gå. Beina bar – heilt opp til iskanten. Kunsten å gå, som Odd Nordstoga syng så fint om, ligg i genane våre. Det er ein merkjedag i livet når den vesle tek sine første steg. Sjå ho går! Minst like stort som da ho sa «pappa» eller «mamma» for første gong. Og den dagen vi ikkje lenger går, er det eit teikn på at slutten nær- mar seg. Gåfarten vår seier mykje om kor lang tid vi har att å leva, har australske forskarane funni ut. Så lenge vi går så fort at vi kjem oss over gangfeltet på grønt ljos, er det liten sjanse for at vi vil bli henta inn av «mannen med ljåen», kunne eg lesa. Men det er likevel ikkje difor eg går – for å leggje år til livet. Eg går fordi det gjer meg godt. Fordi det fører meg dit eg skal. Fordi det får meg til å kjenne meg levande – uavhengig om eg har mange eller få år igjen på jorda. Slitesterk Å gå er ikkje ei like sterk oppleving som å springe. Det gir ikkje heilt den same lukkekjensla. Men gåinga er enda meir slitesterk, og etter mange år med klart mest springing, har eg dei fire siste åra gått omtrent like langt som eg har sprungi. Synet på kva som er gåavstand har vorti utvida. Etter ei klatreøkt på Skullerud kan eg gå dei 14 kilometrane heim til Nordberg. For snart tre år sida gjekk eg frå Oslo til Valdres. 191 km på 6 dagar. Heilt klart gåavstand, vil eg seie. Inga bomavgift å betale, men mykje fin natur å sjå, og ein prat som sklir omtrent av seg sjølv, når ein går i godt lag. Eg vil rett og slett slå eit slag for gåinga. Som framkomstmiddel, som rekreasjon og trim, som måte å ta tida tilbake på. Og nettopp fordi det tek tid å gå, så gir det òg ro – til å tenkje og oppleva. Eller nynne på Nordstoga-songen: Og ser du meg der ute i morgondisen gå som eit dyr der utpå jordet før det ikkje lenger er å sjå Har du lov om du er stille og ikkje er meir enn du må vera med på denne fyrste kunsten mennesket kom på Og det var kunsten å gå Vandring: Omgitt av vakker natur er det enda lettare å gå seg glad. (Foto: Terje Gilberg) Kunsten å gå Med tanke på at mennesket ein gong spreidde seg til omtrent alle krokane på kloden ved å gå, er det over- raskande lite som i våre dagar blir rekna som gåavstand. Av Runar Gilberg

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis Utgave 5 - 2019