Kondis

Kondis Utgave 2 - 2019

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: https://digital.findexaforlag.no/i/1089422

Contents of this Issue

Navigation

Page 58 of 71

59 Kondis 2 • 2019 PERSPEKTIV I eit debattprogram på NRK vart det hevda at forsking viser at trening ikkje hjelper overvektige til å gå ned i vekt. Ja, ja, tenkte eg, det er sikkert mogleg å hevde at eplet dett oppover òg – når det lausnar frå treet. Av Runar Gilberg For det blir omtrent som å sjå bort frå Newtons lover, å meine at det ikkje hjelper å trene om ein vil gå ned i vekt. Det er ei naturlov som seier at om vi held kaloriinn- taket konstant, så vil mengda trim bli avgje- rande for vekta. Lagar eg ein forskingsrapport der konklusjonen er i strid med fysikkens lover, så er det sannsynlegvis forskinga det er noko feil med. Treningsleir I januar var eg på treningsleir på Lanzarote med ein gjeng løparar frå Vidar. Vi budde på eit treningshotell, men storparten av dei som ferierte der, nytta seg ikkje av trenings- fasilitetane. Trimmen avgrensa seg i stor grad til å gå frå seng og solseng til det bugnande buffetbordet som vart dekt opp morgon og kveld. Der vart det for dei fleste solide inntak av både sunn og usunn mat – salatar, hovud- rettar, kaker og dessertar – pluss masse god drikke. Vi som var på treningsleir, begrensa oss ikkje stort meir enn solstolgjengen ved buffet- bordet. Maten – både den sunne og usunne – smakte utruleg godt etter både morgons- og ettermiddagsøkta. Hadde hotellet og området rundt vori overvaka av forskarar, ville dei truleg funni ut at trenings- og solingsgjengen putta i seg omtrent like mange kaloriar dagleg. Men hadde dei høyrd på debatten på NRK først, så ville dei ikkje skjønt korfor den eine gruppa var slank og den andre gan- ske overvektig – sia dei da hadde lært at tre- ning ikkje påverkar vekta. Enda ei bør? Hovudargumentet til debattdama som meinte det var ei myte at trening bidrar til vektned- gang, var at det var utfordrande nok for dei overvektige å eta mindre om dei ikkje skulle bli pålagt enda ei bør – å trene. Ja, ja, tenkte eg ein gong til. Er det slik ho ser på trening – at det er ei bør og eit ork – så er det kanskje ikkje så rart at ho ikkje får tre- ning til å fungere. Men treng det vera det? Har ho ikkje høyrd om Tjukkasgjengen eller treningsgruppa som fastlege Ole Petter Hjelle starta opp i Åsgårdstrand? Der låg humør og rørsleglede i botn, og snart byrja pasientane og sjå fram til dei faste trimdagane. Vektnedgang var berre ein av mange positive helseeffektar. Og kva er eigentleg mest lystbetont – å eta mindre eller å trimme meir? Gir det større glede å redusere inntaket av dei gode rettane enn det gir å gå seg ein solid tur i skog og park? Det fører sikkert til raskare vektned- gang, ja, å halvere kaloriinntaket, men det viktigaste er vel å finne fram til ein sunn og aktiv livsstil som kan vare livet ut? Ikkje minst mentalt Sjølvsagt handlar det ikkje om at alle skal springe og forbrenne like mykje som SK Vidar på treningsleir. Hadde dei mat- og solings- glade på hotellet prøvd å hengje med oss ein dag, ville dei hatt trøbbel med å stavre seg til matsalen den neste. Men dei hadde tida, turvegane, bassenget og trimrommet til disposisjon utan å bruke det. Berre litt meir trim og litt meir disiplin ved buffeen ville hjelpt veldig. Ikkje minst mentalt. Haugevis av for- skingsrapportar viser at trening skjerpar hjernen og gjer oss gladare. Derfor blir det rart at ein fedmeforskar – i beste sendetid på NRK – nærmast opp- modar overvektige til ikkje å trimme. Fordi ho ikkje vil leggje enda ei bør på skuldrene deira. Ta det heller steg for steg, tenkjer eg. Start med korte turar og auk gradvis. Gå våren i møte, mot ei lettare vekt og ei betre helse. Mys mot sola og smil til dei du møter. Sjølv om eg aldri har tippa 25 i KMI, så veit eg at risikoen for å eta meir enn eg har godt av, går ned når eg er glad. Dett eplet oppover? RUNAR GILBERG Steg for steg: Børa med trening blir gjerne mindre – og gleda større – etter kvart som ein kjem i gang. (Foto: iStockphoto) «Lagar eg ein forskingsrapport der konklusjonen er i strid med fysik- kens lover, så er det sannsynlegvis forskinga det er noko feil med.»

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis Utgave 2 - 2019