Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet - Årbok 2018

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/995516

Contents of this Issue

Navigation

Page 5 of 151

6 Institutt for økonomi og administrasjon / 2018 Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL er etter NHH det største fagmiljøet på Vestlandet innan økonomisk-administrativ utdanning. Instituttet har vel 85 fagtilsette og 1000 studenter. Vi har studiestader i Bergen, Haugesund og Sogndal. Tilbakemeldingar fortel at våre kandidatar får ei sol- id og relevant utdanning hos oss, og dei er attrak- tive for arbeid i privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar. Den innovative og refleksive kompetansen studentane har tileigna seg undervegs i studietida, rustar dei for livslang læring og vidare masterstudium i inn- og utland. Undervegs i utdan- ningsløpet får studentane kjennskap til instituttet sitt mangfaldige forskings- og utviklingsarbeid, slik at dei har brei og oppdatert kunnskap om relevante teoriar og metodar. Denne kunnskapen vil dei kunne nytte på praktiske problemstillingar som dei møter i samfunns-, arbeids- og næringsliv. Våre fagtilsette deltek i eitt brett felt av forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet, både nasjonalt og internasjonalt. Den største bachelorutdanninga vår i økonomi og ad- ministrasjon følgjer UHR-ØA sin anbefalte plan for bachelor i økonomi og administrasjon, og er bygd opp med obligatoriske emne innan bedriftsøkonomisk ana- lyse (finans, investering, økonomistyring og regnskap), administrative fag (strategi, organisasjon, leiing, etikk, marknadsføring, innovasjon og entreprenørskap), sam- funnsøkonomiske fag (mikroøkonomi, makroøkonomi by- og regionaløkonomi), og metodefag (matematikk, statistikk og samfunnsvitskapleg metode), samt etikk, samfunnsansvar og bærekraft. Institutt for økonomi og administrasjon

Articles in this issue

view archives of Høgskulen på Vestlandet - Høgskulen på Vestlandet - Årbok 2018