Norsk Fiskerinæring

utgave 1 - 2018

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/936948

Contents of this Issue

Navigation

Page 113 of 143

114 "Norsk Fiskerinæring" nr. 1 - 2018 ELLING AARSETH VAR frå Årsetdalen i Vartdal, ein kommune som i 1964 vart ein del av Ørsta. I bygdeboka for Vartdal, under omta len av Andersgarden på Årset, står Elling presentert slik som den eldste av ni sysken: «Kjøp- mann og skipsreiar i Åle- sund.» Hovudba sen for den mangslungne fiske- og fangst- verksemda hans skulle altså bli den nærliggande byen. Geografisk på nord-sør-aksen kan haustingsfeltet grovt sett plasserast i ein sunnmørstra- disjon mellom Ålesund og Ny-Ålesund; i austleg retning til havområda nord for Russ- land og mot vest via Grønland til kysten av Nord-Amerika. Men Vartdal-miljøet var ein formande faktor for livsver ket. «Med lengt mot havet» Elling Aarseth var ti år yngre enn det første store fiskerin- amnet i heimbygda, hav- fiskepioneren Knut Vartdal (1887-1959). Elling hadde såleis nokon i nærmiljøet å samanlikne seg med. Ein annan impuls var forretnings- sansen, som nok vart skjerpa av at på heimegarden dreiv familien landhandelen i dalen. Allereie i konfirmasjonsalde- ren skal den driftige Elling ha reist rundt på gardane og kjøpt opp skinn. Om seljarane ikkje hadde tid og høve til å slakte dyra, påtok Elling seg jobben. Seinare skulle skinn frå polare strok bli ein del av forretningsporteføljen. Då faren døydde i 1915 tok Elling over krambuda. Den tidleg formaterte handels-habitusen skulle forbli eit markant karak- terdrag. Sjølv om gardane i Årset- dalen låg eit par kilometer frå sjøen innover mot sunnmør- salpane med fjellet Ramoen, som har gitt namn til fleire generasjonar Vartdal-båtar, var mykje av levemåten knytt til havet. Dalagardane hadde naustrett og eit stadnamn ved fjorden er Årsetvika. Som vi skal sjå kan relasjonen til salt- vassressursar dokumenterast i eit unikt kjeldemateriale, den handskrivne årboka for Årset- dalen ungdomslag. Gjennom fleire år i mellomkrigstida hadde dette skriftet med nasjonal-ideologisk opphav også merknader om noko så materielt som fiske og fangst — eit uttrykk for hopehavet mellom to samfunnssfærar som ein skulle tru var frås- kilde. Tidleg på 1900-talet inntok Vartdal posisjonen som ei framståande havfiske- og ishavsbygd. Kapitalproble- met vart ofte løyst ved at unge menn slo seg saman i partslag for å finansiere båtbygging eller båtkjøp. Restlånet kunne ordnast ved å pantsette gardsbruka i Vartdal Sparebank. Vartdal- miljøet var i front når det galdt modernisering ved tidleg å ta i bruk teknologiske nyvinningar. Årsrytmen til Vartdalsfiska- rane var gjerne slik: Sildefiske Elling Aarseth (1897-1976) Med Nord-Atlanteren som allmenning Spranget frå mikro- til makronivå I 1917, medan 1. verdskrig enno raste, vart Elling Aarseth medei gar i den dampdrevne selfangstskuta «Isflaamann», som vart bygd same år i Risør. HISTORISKE Fiskerifolk

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Norsk Fiskerinæring - utgave 1 - 2018