Norsk Fiskerinæring

Utgave 11 - 2017

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/916110

Contents of this Issue

Navigation

Page 113 of 155

114 "Norsk Fiskerinæring" nr. 11/12 - 2017 HISTORISKE Fiskerifolk Peter S. Brandal kom frå den kjende ishavsbygda Brandal på Harei dlandet, rett sørvest for Ålesund. Han vart fødd 21. desember 1870 som nummer to i ein søskenflokk på åtte. Foreldra var Severin L. Brandal (1847-1934) og Davide P. Brandal (1842- 1902). Dei fekk overta eit utmarksstykke av Peder P. Brandal, far til Davide, då dei gifte seg i 1869. Her oppe i Haugen bygde dei hus og løe og busette seg, og dyrka opp jorda med tida. Men Severin var meir fiskar enn gards- brukar. Han dreiv fiske frå unge år av og vart etter kvart skipper på fiskeskøyter frå Ålesund. Tidleg ute Som dei fleste unge gutar på kysten begynte også Peter tidleg på sjøen. Etter nokre læreår som «menig» fiskar vart han skipper på små- skøyta «Brandal» i 1893. Då var han 22 år gammal. Peter var eigar av dette fartyet saman med sambygdingen Lars Rasmusson Brandal. Året etter fekk han og tre andre sambygdingar bygd ei ny skøyte, «Minna» på 56 fot, hos fartybyggjar Hans O. Mehus på Halsnøy i Sunn- hordland. Peter vart skipper på den nye skøyta. I åra før 1900 vaks det fram ein heil flåte av dekka fiskeskøyter på Sunnmøre. Mange var heimehøyrande i Ålesund, men ein del kom også på bygdene, ikkje minst i Brandal. Desse skøytene dreiv fleire fiskeri på sunn- mørskysten etter torsk og sild, dei dreiv fiske på eggakanten, og dei drog også lenger av garde, heilt til finnmarkskys- ten og tok del i sommarfisket etter torsk der. Peter var «på Finnmarka» med «Minna» i 1895, 1896 og 1897. Starten på den sunnmørske selfangsten Det var på desse turane at sunnmørsfiskarane kom i kontakt med selfangsten som vart driven frå Troms og Finnmark. Dei hadde sett at dei nordnorske skøytene jamt kom til lands med full last. Dette inspirerte, og i 1898 bestemte Peter S. Brandal å utruste «Minna» for selfangst saman med faren Severin, som var skipper på skøyta «Nils Liaaen» frå Ålesund, med P. Th. Sandberg som eigar. Ein tredje båt, «Sleip- ner» med Jonas Fuglevik som skipper, vart også med. Mannskapet var sunnmø- ringar, men skyttarane vart henta frå Tromsø. Fangsfeltet var Vestisen — drivisbeltet mellom Jan Mayen og Grønland. Det var eit vågestykke for vanlege fiskarar å setje kurs for ukjent farvatn langt mot nord med dei små skøytene med berre Peder S. Brandal: Selfangstreiar og Svalbardpioner Peter S. Brandal (1870-1933) var ein av pionerane innan moderne sel- fangst og ein forgrunnsperson i næringa i fleire tiår. Han starta sel- fangstreiarlag, seloljedamperi og sildoljefabrikk, og var med på å starte Kings Bay Kull Company på Svalbard. Brandal på Hareidlandet sør for Ålesund vert enno kalla ishavs bygda og ligg like tett på fjorden og havet som før. No er det aller mest Ishavsmuseet Aarvak som ber den arven vidare. Brandal har i dag om lag 350 innbyggjarar.

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Norsk Fiskerinæring - Utgave 11 - 2017