Norsk Fiskerinæring

Utgave 10 - 2017

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/907462

Contents of this Issue

Navigation

Page 103 of 139

104 "Norsk Fiskerinæring" nr. 10 - 2017 HISTORISKE Fiskerifolk «Nei, mine herrar! Det er den uorganiserte omsetning innanlands og utanlands som for det aller meste er skuld i dei store svin gingane som det er i prisane. Organisasjon er derfor heilt tur vande skal ein koma fram til betre kår for fiskarar, tilverkarar og ekspor- tørar.» Dette uttalte Mons Kårbø i ein stortingsdebatt i 1929, et- ter at ein annan representant hadde hevda at fiskeprisane alltid ville vere bestemt av tilbod og etterspørsel. Uttalen var ikkje berre typisk for Kår- bø, den summerer også opp livsverket hans. Som organi- sator av fiskarane står han i ei særstode. Den einaste som i nokon grad kan måle seg, er Aldor Ingebrigsten, fremste organi satoren av nordnorske fiskarar gjennom Nord-Norges fiskerforbund, som seinare gjekk inn i Norges Fiskarlag. Men Kårbø fekk ikkje mykje å seie berre for organiseringa av fiskarane. Han var samti- dig frontfigur ved organiserin- ga av sildeomsetninga. I det per spektivet er det ingen som ragar over han. Havstrilen frå Holsenøy Mons Andersen Kårbø var ein ekte havstril, fødd i 1881 på garden Kårbø på Holsenøy i dåverande Herdla kommune, no Meland, litt vest og nord for Bergen. Mora døydde då han berre var tre år, men faren gifte seg opp att og Mons voks opp med ein stor flokk sysken og halvsysken. Heimen var prega av eit kris- tent livssyn, og kristen tru og moral vart innprenta alt frå tid- leg barndom. På skulen likte han seg godt. Som i mange andre kystbygder var skulen framleis ordna som omgangs- skule. Læraren budde hos fore ldra til Mons og undervi- singa skjedde i bestestova. I tillegg til småbruket drev faren fiske, og Mons var ikkje gamle karen før han måtte vere med å hjelpe til. Etter konfirmasjonen i 1896 og eit tre månaders kurs på Nordhordland Amtsskule (folkehøgskule) var det slutt på skulegangen. Det var å setje seg i fiskebåten for alvor. Folk her dreiv både torskefiske og silde fiske, om sommaren også laksefiske, men med aukande innsig av sild kring hundreårsskiftet vart sildefisket viktigast. I 1903, 21 år gammal, kosta Mons seg ein seglkutter på 45 fot i lag med ein sambygding. Namnet på denne kutteren, «Sver- drup» etter ven streleiaren Johan Sverdrup, fortel kor den politiske sympatien låg. Mange talsmenn for fiskarane i denne perioden kom frå Ven stre, og sjølv om Arbei- darpartiet etter kvart overtok hegemoniet i Nord-Norge, var Venstre framleis fiskarpartiet på Vestlandet. Notbasen som sa nei I vinterhalvåret vart «Sver- drup» brukt til garnfiske etter sild, frå Sunnmøre i nord til Rogaland i sør. Om somma- ren dreiv Kårbø og sambyg- dingen også med oppkjøp Mons A. Kårbø — fiskarhovding og organisasjonsmann Etableringa av Storsildlaget i 1928 var ein stor suksess for fiskarane nord for Stad. Laget praktiserte eit system med prisut jamning, slik at fiskarane fekk same pris anten silda gjekk til konsum, agn eller oppmaling. Her eit «sildelag» i Leangenfjorden like nord for Stjørdal tidleg på 1930-talet.

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Norsk Fiskerinæring - Utgave 10 - 2017