Høgskulen på Vestlandet

HVL Fagtilbud 2017

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/766596

Contents of this Issue

Navigation

Page 44 of 47

45 Musikk og song har alltid tatt stor plass i Lydia Haugan Hellands liv. Etter eitt år på vokallinja ved Manger folkehøgskule og eit årsstudium i musikki Kristiansand, fekk ho plass ved det heilt nye studiet, Community Music, på Stord. – Klassen får jobbe musikalsk saman med menneske i alle aldrar og frå ulike kulturar. Til no har vi vore i feltpraksis på to ulike asylmottak, seier Lydia, som hadde høyrt at det fanst eit godt og inkluderande musikkmiljø på Stord. – Sjølve studiet verka interessant, og eg synest det er spennande å vere del av eit studium som er heilt nytt i år. Det er det einaste av sitt slag i landet som siktar seg inn mot alle med musikkbakgrunn som vil ut i samfunnet og bruke talentet og ferdigheitene sine i arbeid med menneske. Dette kan vere som aktivitør eller instruktør i barnehagar, ungdomsklubbar, eldresenter, kyrkjelydar og fengsel eller som musikkarbeidar i kommunale kulturtilbod, festivalar og turnear. Lydia Haugan Helland (21) Campus Stord: Community Music Lydia vil gjere jobb av hobbyen hvl.no 2017-2018 @lyydiasinsta

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HVL Fagtilbud 2017