Høgskulen på Vestlandet

HVL Fagtilbud 2017

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/766596

Contents of this Issue

Navigation

Page 42 of 47

Erlend Stabæk flytte til Vestlandet for kjærasten. No tar han dei første stega mot draumejobben som lærar. hvl.no 2017-2018 Læraryrket låg i korta – Grunnen til at eg enda opp her, var å flytte nærmare kjærasten min som er frå Haugesund, seier han og legg til at han har funne seg til rette med nye venner og plass på eit fotballag. Guten frå Kirkenes heilt ytst i nord er langt heimanfrå, men føler seg heime på vesle Stord. For han er det akkurat passeleg stort. – Det er ei utruleg flott øy med natur på alle kantar. Dessutan er det ganske lett å komme i kontakt med folk her på Vestlandet, seier Erlend, som ikkje har tenkt å flytte på seg med det første. – Begge foreldra mine er lærarar, så det var eit naturleg val for meg. Erlend Stabæk må tenkje hardt for å komme fram til eit svar på kvifor han valde å begynne på studiet for grunnskulelærar for 1.–7. trinn. Det er kanskje noko som alltid låg i korta. Han fortel at han i ung alder begynte å tenkje på korleis han kunne bli ein god og rettferdig lærar. – Eg håper òg å motivere ungar som er på farten, seier han og ler, og røper samtidig at han sjølv var ein aktiv elev som føretrekte dei praktiske faga der han ikkje måtte sitte stille med nasen i ei bok. 25-åringen er i gang med det første semesteret og stortrivest på Stord. 43 @hvl

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HVL Fagtilbud 2017