Høgskulen på Vestlandet

HVL Fagtilbud 2017

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/766596

Contents of this Issue

Navigation

Page 33 of 47

Vilde Sørnes Solbakken (23) Frå Øyer i Gudbrandsdalen Studium Friluftsliv Kvifor Campus Sogndal På grunn av fjord og fjell og eit mindre miljø Fritidsaktivitet Ski, surf, vere med venner, liker òg ganske godt å vere på tur, naturleg nok Sogndal med eitt ord Fartsfylt Alltid i skulesekken Treningsklede Sosialt Møter venner i ei god, varm stove eller går ein tur i frisk luft Frå bre til bølge Vilde Sørnes Solbakken ville ha ein studiestad der ho kunne byte ut filmkveldar med kveldskøyring på ski. Dette semesteret finn vi ho likevel på eit surfebrett i Australia. Med ei friluftslivsinteresse som var gått litt i dvale, følgde Vilde tips frå venner og saknet etter snø og surfing. Dette førte ho til Sogndal. Her har ho funne seg godt til rette i eit studentmiljø ho beskriv som aktivt og oversiktleg. – I Sogndal kjenner du nokon frå alle delane av bygda, bokstavleg talt. Her har du aktivitetar for alle, og det at vi bur så nær naturen, gjer at vi har mange moglegheiter. Eg opplever Sogndal som ein plass der folk alltid er gira og motiverte til å finne på alt mogleg. Utdanningane lærer deg å sjå samanhengar mellom livsstil og helse, og å gi gode naturopplevingar og tilpasse trening til menneske i alle aldrar. Dette lærer du gjennom ei fin blanding av teori og praktiske øvingar. CAMPUS BERGEN SOGNDAL STORD 34

Articles in this issue

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HVL Fagtilbud 2017