Høgskulen på Vestlandet

HVL Fagtilbud 2017

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/766596

Contents of this Issue

Navigation

Page 29 of 47

CAMPUS SOGNDAL Tett på det meste I Sogndal har du mellom to og ti minutt gangavstand frå hybelen til høgskulen, og fem minutt til det meste elles i bygda òg. Sogndal har rundt 2300 studentar. På campus har du tilgang til alt du treng av leseplassar, bibliotek, kantine og treningssenter, og frå klasseromma har du utsikt over Fosshaugane, der Sogndal Fotball skaper fotballengasjement i den einaste eliteseriebygda i verda. Sogndalsella og to skisenter ligg og ventar på deg berre ein liten køyretur unna. Her går pudderalarmen rett som det er, og aktiviteten er stor både i og utanfor løypene. Køyrer du ein time, er du på Sogneellet eller ved Jostedalsbreen. Det er gode forhold for klatring òg. Inne i Sognahallen på campus ligg ein av dei største klatreveggene i Noreg, 30

Articles in this issue

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HVL Fagtilbud 2017