Høgskulen på Vestlandet

HVL Fagtilbud 2017

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/766596

Contents of this Issue

Navigation

Page 25 of 47

CAMPUS HAUGESUND Aktiv fritid Haugesund har mange tilbod for deg som vil oppleve meir enn berre forelesningar og lesesalar. Som student kan du vere medlem av studentorganisasjonar som tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar innanfor idrett og friluftsliv, og ta del i det særprega kulturlivet i byen. Du kan nyte film i Edda kino, oppleve stand-up komikarar frå London på Festiviteten, eller slå ut håret under Karmøygeddon Metal Festival. Midt i byen finn du studentuteplassen Stødden, der du kan utfolde dei kreative og sosiale sidene dine. Her kan du få med deg konsertar, temafestar, spelekveldar eller vere med på quiz kvar torsdag. Stødden er ein del av Studentersamfunnet i Haugesund, og blir drifta av og for studentar. Her kan du få vere med å drive ein bar, vere DJ, eller stå på scena. Studentliv 26 @trondgitt INSTAGRAM @hvl.no FACEBOOK @hvl.no SNAPCHAT @hvl.no

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HVL Fagtilbud 2017