Høgskulen på Vestlandet

HVL Fagtilbud 2017

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/766596

Contents of this Issue

Navigation

Page 22 of 47

23 Då Julie Vikestrand valde eit anna studieløp enn dei andre i klassen, var ho uroa for om ho ville gå glipp av noko som dei andre lærte. Slik vart det ikkje. – Å ta praksisen i Zambia gav meg heilt nye perspektiv og ei forståing for korleis og kvifor dei lever på ein annan måte enn oss. Det har vore gull verdt, seier 22-åringen, som no går sitt femte semester i sosialt arbeid ved Campus Sogndal. Mens dei andre tok praksisen sin i Noreg, valde Julie og eit knippe medstudentar å reise til Afrika. – Vi fekk kjempegod oppfølging og rettleiing frå høgskulen, og møtte omtrent ingen problem undervegs, fortel Julie, som trygt kan anbefale andre i same situasjonen å reise på utveksling. Tilbake i Noreg har undervisninga vorte lagt til rette, og mens dei andre studentane lærer om kulturelle forskjellar og utfordringar, har ho fått ekstra praksis ved ein norsk institusjon. – Det er nyttig å kunne måle andre sin situasjon med noko anna enn den norske målestokken, seier ho reflektert. Julie Vikestrand (22) Campus Sogndal: Sosialt arbeid hvl.no 2017-2018 – Praksis har vore gull verdt @julievikestrand

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HVL Fagtilbud 2017