Høgskulen på Vestlandet

HVL Fagtilbud 2017

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/766596

Contents of this Issue

Navigation

Page 20 of 47

hvl.no 2017-2018 Frå sjukehuset til Akutten Ei av dei beste sjukepleieutdanningane i landet lokka Vebjørn Dolve til Campus Førde. – Det er ei heilt anna verd. Vebjørn Dolve er i gang med den første av to praksisar ved sjukehuset gjennom studiet. Han fortel om lærerike dagar der dei får sette teori frå pensumbøkene om til praksis. Studiet har så langt vore som forventa: krevjande, men med høg verdiskaping. – Det var tanken på å hjelpe andre menneske som var avgjerande for at eg enda på sjukepleien. Ønsket var å jobbe med noko givande, og det har det òg vist seg å vere, seier 22-åringen, som vaks opp i Florø med ei mor som er sjukepleiar. Han var godt kjent med Førde før han flytta dit, men det var verken vennekretsen eller kort veg til heimstaden som gjorde at Vebjørn valde å ta utdanninga si der. – At Campus Førde har rykte på seg som ein av dei beste studiestadene i landet for sjukepleiarar, var avgjerande, og det ryktet lever dei opp til. Lærarane har lang erfaring og stiller høge krav til oss, seier han og peiker på at dette bidreg til å gjere dei rusta til det reelle arbeidslivet. På fritida har han ein plass i studentparlamentet, ei oppgåve han tok på seg etter å ha trivest godt i rolla som tillitsvald i klassen. Det hender at han og medstudentane får bruk for sjukepleiaruniforma utanom i studiesamanheng òg, då gjerne på ein temafest på studentkroa med det passande namnet Akutten. – Der er det alltid kjentfolk og kjekke arrangement. Så viss eg skal ut, er det éin stad som gjeld, og det er Akutten, seier Vebjørn bastant. @stemning 21

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HVL Fagtilbud 2017