Høgskulen på Vestlandet

HVL Fagtilbud 2017

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/766596

Contents of this Issue

Navigation

Page 12 of 47

hvl.no 2017-2018 Bevegelse opnar dører På fritida seglar han ein gong i veka og speler trommer i Bergen Frikirke. Elles liker sotraværingen å bruke fritida si på Kronbar for å gå på konsertar og møte kjente es. – Nesten alle utdanningane held til i det same bygget. Det gjer miljøet veldig samansett og dynamisk. Det er moro å leve tett på så mange ulike menneske. Alt frå realistane som studerer ingeniørfag, til dei pedagogiske og empatiske lærarstudentane, seier han. Torbjørn er glad i heimbyen sin og har inntrykk av at dei fleste er einige om at Bergen er ein fantastisk studentby. – Eg trur folk fell for byen fordi den har ein heilt spesiell sjarm. Spesielt dei som liker å gå på ellturar, og dei som har ei interesse for musikk, trur eg vil stortrivast her, seier studenten. Torbjørn Smith har heilt sidan han var liten vore fascinert av båtar, bilar og fly. Valet av studieretning vart derfor enkelt: 20-åringen skulle bli maskiningeniør. – Eg valde Campus Bergen fordi eg ville bu heime og spare pengar, seier han og ler. Torbjørn fann fort ut at å studere i heimbyen ville lønne seg på andre måtar òg. Bacheloren vil opne mange dører for han seinare, og han kan gå vidare på dei fleste masterstudium i ingeniørfag, også i utlandet. – Vi studerer eigentleg alt som har med bevegelse å gjere. Skulen har dyktige forelesarar som tilpassar undervisninga til næringslivet. Det gir oss ei større forståing av korleis teorien fungerer i praksis, fortel han. 13

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HVL Fagtilbud 2017