Høgskulen på Vestlandet

HiSF2015

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/450980

Contents of this Issue

Navigation

Page 29 of 51

SAMFUNNSFAG 30 Lærarstudent Happy Musonda Konkola frå Zambia får hjelp av Ingve Lende til å fylle ut enda eit skjema. Happy tek vidareutdanning ved HiSF. I arbeid Didaktikk takk Historiefaget gjorde Ingve Lende nysgjerrig. Studium og fritid i Sogndal gjorde rogalendingen multikompetent. Med bachelor-grad i historie, to år med statsvitskap/sosiologi og eitårsstudium i engelsk, var han godt rusta til jobben som konsulent i administrasjonen ved HiSF. Han hjelper dei utanlandske studentane til rette med skjema og andre praktiske ting i tillegg til å vere sekretær for Studentparlamentet. – Gjennom studia har eg fått trening i å hand- tere og systematisere store informasjonsmengder. Eg har lært å analysere dei, setje enkeltsaker inn i ein større samanheng og sjå ei sak frå fleire sider. Det er kompetanse som eg har bruk for, anten eg arbeider for Studentparlamentet eller med internasjonalisering, fortelIngve. All skrivinga av mappeoppgåver, essay og to bachelor-oppgåver har han mykje att for både når han skriv ein kort e-post eller ei lengre saksutgreiing. Gode studieverktøy. I historiefaget står kjeldekritikk sentralt. Verdien av ulike kjelder må vurderast og analyserast. Det kan ein overføre til behandling av søknader frå internasjonale studentar. Kor kjem desse papira frå? Er dei ekte? Korleis fungerer karaktersystemet i det landet studenten kjem frå? Og når alt endeleg er på plass: Er studenten kvalifisert? – I nokre tilfelle er dette små forskingsoppdrag, og då får eg jo brukt nokre av dei verktøya eg har fått kjennskap til gjennom studiet, fortel Ingve. Erfaringane frå ulike verv i studentorganisasjonane er også gull verd i jobben. Å leve med fjell. Av og til hamnar ein heilt tilfeldig ein stad i verda. Då sambuaren fekk jobb på Lei- kanger i 2006, blei Ingve med på lasset og tok eit årsstudium i engelsk ved høgskulen i Sogndal. Dei skulle jo berre vere der eit år. Men dei blei, trass i ella. – Dei står jo der, midt i vegen for sol, luft og fridom. Då har ein ikkje anna val enn å kravle seg opp på dei for å sleppe ut av «fangenskapen» for ei stund, eller å gøyme seg innandørs, til dømes på Meieriet. Det sosiale fellesskapet og dei mange oppgåvene eg fekk gjennom ulike verv på Meieriet, gjorde at eg treivst og blei verande. Det var også engasjementet mitt og kontaktane i det organiserte studentmiljøet som gjorde at eg blei kon- takta av HiSF då dei trong ein vikar i administrasjonen sommaren 2009. Etter sju år som både student og tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har han tatt studiepermisjon i eitt år og starta på ein mastergrad i didaktikkundervisningskunst i Stavanger. Planen er å returnere til jobben i Sogndal og ta siste året av graden på deltid. Han kjenner skulen og kan stammespråket. Og han har lært seg å leve med ella. Søvn 7 timar Jobb 7 ½ time DØGNET I TIMAR

Articles in this issue

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF2015