Høgskulen på Vestlandet

HiSF2015

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/450980

Contents of this Issue

Navigation

Page 15 of 51

16 i arbeid Oppfinnarane Tenk deg at du kjem heim og døra opnar seg når du viser ho fingeren. To fingrar i lufta slår på kaffitraktaren, og tre fingrar skrur på TV-en. Fakta Pål Rambjørg Alder: 28 Studium: Ingeniør elektro- automa sjonsteknikk Frå: Gaular Kvifor HiSF: Har alltid studert i Førde, det fall rett og slett naturleg. Førde med eitt ord: Kjøpesenter Alltid i skulesek- ken: PC, iPad og headsett. Skulevegen: Kring hundreogtrettisju steinkast, eller 30 minutt med bil. Fjord eller fjell: Fjell Aldri meir treng du leite etter ernkontrollen. Pål Rambjørg og tre andre gutar på ingeniørstudiet i Førde slo seg saman om hovudoppgåva og fekk ein A for si GestuRemote-oppfinning. Få månader seinare er alle fire i jobb ved Enoro i Dale. Bedrifta er leiande leverandør av software og tenester til energibransjen i Norden. Firarbanden arbeidde mykje på eiga hand med prosjektet, men heile tida med goodwill og stor interesse frå lærarane på HiSF. Ingeniørstudentane jobba intenst med presentasjonen. Dei øvde i dagevis med framføringa. Fredrik deltok i verdsmeisterskapen i vektløf- ting rett før eksamen. Men dei tre andre var vel så slitne som mannen som hadde benkpressa diverse kilo metall. – Lærarane ved ingeniørutdanninga gjorde alt for å tvinge lærdom inn i hovuda våre, slik at vi gjekk ut med best mogleg resultat, fortel gruppeleiaren Pål Rambjørg. – Og dei sørgjer for at kunnskapen sit! – Vi var ein liten klasse med stort samhald. Vi kunne alltid spørje ein lærar om hjelp, også etter skuletid. Det var aldri noko problem å låne eit auditorium halve natta til å trene på presentasjonen. IT, data og automasjon er fag som utviklar seg så fort at du står i fare for å vere utdatert dagen etter eksamen. Det veit administrerande direktør Edgeir Aksnes i Enoro, og difor tartar han stadig inn unge, framstormande folk. – For å sikre eit miljø som stadig fornyar seg, satsar vi mykje på nyutdanna som kan dra oss vidare og bli dei nye spydspissane i bedrifta, for- tel han. Enoro er ei av dei største suksessbedriftene i Sogn og Fjordane. Det starta med to mann i 1992, tjue år seinare har Enoro heile Nord-Europa som marknad og totalt 300 tilsette. Av dei er 80 i Dale i Sunnord. Delar jobb og fritid. Fordi Enoro stadig treng ettervekst av unge, svoltne ingeniørar, sender bedrifta folk til ingeniørutdanningane i både Førde, Bergen og Trondheim. Vaktsame blikk fangar opp kreativitet og gode prosjekt. Når søknadene kjem, veit dei ofte allereie kven dei vil ha. Dei tidlegare studiekameratane har ein etter ein fått jobb ved Enoro, og no når alle er samla att, ser dei seg om etter eit hus som kan bli ein fel- les heim. – Vi har det så kjekt i lag på jobben at vi gjerne deler fritida òg, seier dei fire. Kva slags intrikate oppfinningar eller teikn som etter kvart opnar kjøleskapsdører og slår på omnen i det kollektivet, er ikkje godt å seie. Kanskje må gjester vere forsiktige med handbevegelsane. Søvn 7 timar Jobb 10 timar Venner 4 timar DØGNET I TIMAR INGENIØR - OG NATURFAG

Articles in this issue

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF2015