Høgskulen på Vestlandet

HiSF2015

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/450980

Contents of this Issue

Navigation

Page 11 of 51

12 Søvn 7 timar Jobb 8 timar DØGNET I TIMAR LÆRER- UTDANNINGAR Fjerdeklassingen Odne får ros for teksten sin av praksislærar Irlin Charlotte. under arbeid Eit brennande lærarhjarte Elevane i 4A ved Trudvang skule i Sogndal skriv skumle tekstar. Lærarstudent Irlin Charlotte Mandelid brenn for dei som slit mest. Irlin er glad i å reise, og jobba nokre månader som lærarvikar heime på Voss for å tene pengar. Der vart ho kasta inn i yrket. Men ho fekk ein tøff klasse til å fungere. Følelsen av å gjere ein forskjell gjorde at ho søkte lærarutdanninga i Sogndal. – Eg hadde gode fotballcupminne frå kampar i Sogndal, og ville ikkje studere i ein by, forklarer ho valet med. No går ho andre året og vurderer spesialpedagogikk som fordjuping. Irlin vil helst jobbe med dei som treng litt ekstra. – Dei svakaste må få den hjelpa dei treng. Det er fantastisk å sjå gleda i andletet til ungane når dei endeleg forstår noko dei har slite lenge med. Studentane er ute i praksis kvart studieår, og Irlin legg ikkje skjul på at nettopp desse er dei kjekkaste periodane i utdanninga. Små klassar, stor kontakt. Fjerdeklassingane har fått eit bilete av eit skummelt hus som inspira- sjonskjelde. Små hender viftar utolmodig i lufta. Irlin tek seg god tid hos kvar og ein. Ho les og ler, roser og hjelper dei som står fast, vidare. Det er som på høgskulen; små klassar og god kontakt mellom studentar og lærarar. – Ein vert sett og får god rettleiing og grundige tilbakemeldingar; førelesarane har sjølve erfaringar frå læraryrket, seier ho. Høgskulebygget har alt kantine med god mat, bokhandel og bibliotek. Dessutan har alle elevane nøkkelkort, så dei kan låse seg inn på høgskulen når som helst. – Susanne og Cecilie hylskreik, dei skreik heile vegen inn til rommet til Susanne. Der stoppa det litt opp for eleven. – Kva skjer når dei kjem inn på rommet? spør Irlin. Er dei åleine der? – Nei, vampyrmannen er der, svarar eleven. – Spennande! Kva gjer jentene når dei får auge på vampyrmannen? – Dei snur seg og spring ut att. Det gløder ivrig i auga til jenta, og ho skriv vidare på eiga hand. Å vere lærar handlar mykje om sosialisering, oppdraging og samspel. Irlin vil vere ein blid og interessert, rettferdig og konsekvent lærar, men streng om det trengst. Ingen fag bortkasta. Irlin liker å fotografere. – Det er supert å gå ut med kamera når ein er litt lei lesing. Ein treng ikkje gå langt for å finne gode motiv i Sogndal. – Eg vil gjerne reise meir. Som lærar kan eg jobbe mange stader, smiler ho. Men når den tida kjem, ser ho heller ikkje bort ifrå at ho slår seg ned i heimbygda Voss. Eit brennande lærarhjarte trengst nok der òg.

Articles in this issue

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF2015