Høgskulen på Vestlandet

HiSF

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/265366

Contents of this Issue

Navigation

Page 7 of 51

under arbeid SYKKEL , SWING OG TROMMESTIKKER For ti år sidan dansa elevane på Dale ungdomsskule swing i friminutta. Slikt skapar aktive studentar, som ikkje treng å drikke seg til mot. Torgeir Aase Løseth byrja å danse som seksåring, og tok med seg trommesettet og flytta heimanfrå som sekstenåring. Musikk og dans har vore livet til Torgeir. Men han har alltid likt idrett også. – Opplagt ein god kombinasjon, seier idrettsstudenten. Då tenkjer han til dømes på undervisning. Torgeir elskar å formidle, enten det er i ei klasse eller for eit anna publikum frå større scener. Perkusjonisten trakterer også gjerne eit trekkspel, og har opptrett på studenthuset Meieriet med kassegitaren og eigne tekstar i lag med ein medstudent. GRØN FJORD. Etter eit årsstudium i musikk i Oslo kunne han ha søkt på idrettsfag i hovudstaden. Han valde Sogndal. – Heile bygda har fokus på idrett, så valet var ikkje vanskeleg. Dessutan liker eg så godt grønfargen i fjorden her om sommaren, ler han. Trommisen har ikkje angra. Lærarane er nære og sterke, både teoretisk og menneskeleg. – Så må eg skryte av kjøkendamene i kantina, dei gjer ein fantastisk innsats kvar einaste dag. Dei er litt mor nr. 2 for oss, gliser Torgeir. For utan mat og drikke duger idrettsstudenten absolutt ikkje. DANS MED MEG. Sogndal er eit mekka for alle som liker å røre på seg. Sjølv driv han ein del med uthaldstrening på sykkel og motbakkeløp. Det er gøy å konkurrere. Studentspretten driv med ballaktivitetar, Sjøspretten med kajakk og Lurkarlaget med det meste ute i naturen. Det er særleg flott for førsteårsstudentane at det er så enkelt å få venner gjennom musikk og sport. Torgeir liker at fadderveka er meir enn drikking. Sjølv er han fråhaldsmann. Han treng iallfall ikkje drikke seg til mot for å by opp til dans. Med åra har dansefoten svinga seg innom både salsa, hiphop og ekstremshow-varianten av swing. Han har starta dansekveldar for studentar, og etterlyser fleire svingande menn. No øver han til NM Swing & Rock'n Roll i Bodø, og skal delta i klassen folkeswing. FANN SEG SJØLV. Torgeir bur saman med to medstudentar på loftet til ei 86 år gammal dame. Ho syklar dei to-tre kilometrane til sentrum for å handle. Han kan ikkje vere dårlegare, og syklar til skulen kvar dag. Idrett, dans og musikk er ein grunnbasis som held Torgeir oppe fysisk og psykisk, og gir rekreasjon, overskot i kvardagen og betre konsentrasjon. – Eg har funne meg sjølv her, på vegen frå musikk via idrett tilbake til musikk og dans. Det er stort mangfald blant idrettsstudentane. Den eine sambuaren satsar på å bli personleg trenar og seinare gymlærar. Den andre drøymer om å opne sitt eige crossfitsenter. Sjølv har han lyst til så mykje, og konstaterer at vegen framover ikkje er asfaltert, men ein humpete grusveg. FAKTA Torgeir Aase Løseth Alder: 23 Studium: Idrett og kroppsøving Frå: Dale i Fjaler Kvifor HiSF: Lett val, mellom Oslo og her; natur, fotball, rykte om godt studentmiljø Sogndal med eitt ord: Vakkert Alltid i skulesekken: PC, bøker og øyreproppar Skulevegen: 12 minutt med sykkel Fjord eller fjell: Fjell

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF