Høgskulen på Vestlandet

HiSF

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/265366

Contents of this Issue

Navigation

Page 47 of 51

MIN ANDRE HEIM MOT NYE HØGDER Under festivalen Fjell- og ordmoro er yogatimen flytta frå bygda ved orden til Togga 1205 meter over havet. Det er laurdag føremiddag. Eit titals personar står på tå i graset, konsentrerte om kropp og sinn. Dei strekker seg mot himmelen – og inn i seg sjølve. – Når ein gjer yoga ute, opplever mange at dei blir eitt med naturen på ein heilt eigen måte, seier Anine Brudeseth (24). Ho tek master-grad i idrettsvitskap ved høgskulen og jobbar på Idrettssenteret mellom anna som yogainstruktør. INDRE GLØD - UTE. På Togga er utsikta 360 grader. Vinden er kald og rå. Det kostar å klatre dei 800 stupbratte høgdemetrane frå parkeringsplassen. Likevel stråler eit titals ansikt av ein indre glød. – Vinden i håret og sola som tittar fram mellom skyene, det er ei ugløymeleg oppleving, seier Marit Skjelbred-Knudsen. – Det er herleg å gjere yoga ute i frisk luft. Då eg studerte på Bali, gjorde vi yoga ute på graset ein gong i veka. I Noreg er vêret så ustabilt at det er vanskeleg å få til, seier Anine.

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF