Høgskulen på Vestlandet

HiSF

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/265366

Contents of this Issue

Navigation

Page 43 of 51

MIN ANDRE HEIM DEI GLADE MUSKETERANE I Lurkarlaget er det ein for alle – alle for ein. Asbjørn Klakegg Forland, Ragnhild Århus og Oda Longvastøl lurkar mot leirplassen, dei har fylt ein toliters isboks og ein (ubrukt) hundebæsjepose med sopp. På vegen kjem dei forbi Jonas Lillebø, som står og baksar med eit lass ved til bålet. – Treng du hjelp? Alle tar ei famn, og på den måten får dei med seg alle stokkane. Det er det som kjenneteiknar «musketerane» i Lurkarlaget, at dei hjelper kvarandre. – Fellesskapen er viktig for oss, seier leiar Mats Kneppen. – Viss ein likar å dra på tur åleine, treng ein jo ikkje å vere medlem i noko turlag. I Lurkarlaget likar vi derimot å ha det hyggjeleg i lag. EIN TUR FOR ALLE. Slår du opp ordet «lurkar» i ordboka, får du to forskjellige forklaringar. Ordet kan anten bety ein stor og grov stokk, eller å gå seint. Namnet speglar filosofien til Lurkarlaget. Alle skal kunne finne seg ein tur, frå dei som likar ekstreme toppturar, til dei som likar å slappe av. – Vi prøver å dekke alle typar friluftsliv, alt frå bærplukking til isklatring og surfing. I tillegg har vi ein fast måndagstur der vi går på ein fjelltopp i nærleiken, det er sosialt og hyggeleg. Ein haustleg søndag i september står bål og matleik på programmet. 15 personar møtest utanfor høgskulen og går rett opp ellsida derifrå. I Sogndal er det korte avstandar til alt, også fjella. Halvannan time tek turen opp til ei elv, der det er fint å slå leir. Alle yter sin skjerv: plukkar bær og sopp, sankar ved, tenner bål, grev kokegrop. Mats har planlagt ein treretters middag basert på råvarer i naturen, resten har han på lur i ryggsekken. Forrett: pinnebrød. Hovudrett: lam melår med soppstuing. Dessert: blåbærpai med vaniljesaus. TRYGGLEIK I NATUREN. Asbjørn er utstyrsansvarleg og soppekspert i Lurkarlaget. – Soppen trivst i groper og under nedfallsbuskar. Viss ein er på jakt etter kantarell, bør ein sjå etter furutre. – Kvifor likar du å plukke sopp? – Det er godt. Og så er det artig å finne mat i naturen i staden for i butikkdisken. I mellomtida har ei anna gruppe bygd kokegrop: Dei har grave eit hol i bakken, dekt botnen og sidene med stein og tent bål for å varme steinane. Dei har spadd ut glørne og lagt nedi lammelåret, marinert med kvitlauk og rosmarin. Så har dei dekt over kokegropa med stein og torv. No må tida gjere resten. Praten går rundt leirbålet. - Når ein gjer noko i naturen, får ein direkte feedback heile tida. Dei har skjønt at dei er sterkare i lag. Akkurat som dei tre musketerane i følgjetongromanen til Alexandre Dumas med same namn.

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF