Høgskulen på Vestlandet

HiSF

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/265366

Contents of this Issue

Navigation

Page 41 of 51

min andre heim MUSIKK OG MORO Meieriet skal gi deg store musikkopplevingar, eit moro uteliv og vere ein andre heim. Men korleis oppfattar studentane staden? 1 Kva var ditt førsteinntrykk av Meieriet? 2 Kva bruker du Meieriet til? 3 Beste Meieriet-augneblink? Tonje Marie Solsvik 22 år, frå Bergen, Gry Thyrrestrup 23 år, frå Danmark, begge er bookingansvarlege på Meieriet. 1 Tonje Marie: Samlingsplass for studentane. Gry: Litt kaotisk, mange ukjente fjes. 2 Tonje Marie: Treffe folk,gå på pub, spele spel – og konsert så klart. Gry: Spesielt kjekt viss ein er i humør til å danse eller å gå på konsert. 3 Tonje Marie: Gabrielle- konserten under fadderveka 2013. Gry: Konsert med Jonas Alaska. Håvard Halvorsen 30 år, frå Malvik utanfor Trondheim, tidlegare student, har starta bedrifta nLink saman med ein studiekamerat. 1 Eg blei positivt overraska, tenkte at dette er større enn vesle Sogndal skulle tilseie. 2 Konsert nokre få gonger i året. Gjekk mykje på Meieriet før, men ikkje no lenger. Det er ikkje heilt mi aldersgruppe som vankar der. 3 Då eg fekk snakke med DDE-Bjarne Brøndbo back stage. Ein artig kar! Bjørn Ola Sveen Volden 24 år, frå Lom, student. 1 Eg registrerte meg som medlem før eg kom til Sogndal. Første gongen spelte Katzenjammer, eg sat på galleriet saman med den nye klassen min. Fin kveld! 2 Treffe folk. Eg går på Meieriet 2-4 gonger i veka, anten for å spele quiz, gå på konsert, eller berre vere med vener. 3 Alle skidagane til Lurkarlaget. Først er det afterski på Meieriet, så går folk heim att og et og dusjar, før alle samlast igjen på Meieriet utpå kvelden. Paula Makrygiannis 21 år frå Stavanger, student. 1 Meieriet er større enn dei fleste uteplassar i Stavanger. Ein kan sprette rundt på dansegolvet, sitje i Laben og slappe av eller stå på galleriet og sjå på folk. 2 I helgene går eg på Meieriet for å feste, i vekedagane for å møte folk eller spele brettspel. Meieriet er eit godt alternativ til å sitje heime og lese eller vere på handballtrening. 3 Kaizers Orchestra-konsert under Veka 2012. Dei kan å underhalde publikum. No er det slutt, dei har dansa siste dans.

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF