Høgskulen på Vestlandet

HiSF

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/265366

Contents of this Issue

Navigation

Page 3 of 51

Lokalpatrioten DET GÅR FINTÅ BU HER UTAN Å FLY PÅ FJELLTOPPAR Når Ronny Brede Aase (27) frå Førde svevar heimover med Widerøe, hugsar han kor verkeleg flott heimfylket hans er. Fakta Ronny Brede Aase Alder: 27 år Fra: Førde Mini-CV: Programleiar for P3morgen. DET ER SLIKT EIN ikkje ser før ein har reist ut. Ronny drog austover etter vidaregåande og trivst utruleg bra i Oslo og i P3. Men av og til saknar han den ultimate roa og ella han aldri har hatt lyst til å klatre i. INTIMT. Dei fleste kjem til eit punkt der det er viktig å lære noko meir, ikkje berre for at ein må. Ein gjer eit eige val kva ein vil studere. Og kvar. Førdianaren studerte media i Halden. Han måtte ut av Sogn og Fjordane for å få denne utdanninga, og valde ein annan liten by med eit lite og tett studentmiljø. – Når skulen er liten, blir miljøet intimt. Eg trur det er kaldare på Blindern, seier han. MASSE BRA FOLK. Kontrasten blir stor når han kjem frå eit hektisk programleiarliv i P3 til barndomsbygda som er så stolt over å ha blitt by. Ein liten by som er ferdig med veksesmertane. Sentrum er fint, men naturen rundt er enda finare. Det er den ultimate plassen å slappe av på, tykkjer han. – Eg har alltid så god tid i Førde. Her er det behageleg og roleg, om ein ser bort frå laurdagskveldane på Treskeverket: då kan det ta litt av, ler han. I Sogn og Fjordane er det trygt og fint å vokse opp, med gode verdiar og masse bra folk. Dessutan er det enkelt å kome seg til og frå Austlandet. EI KLAR NYNORSK STEMME. Ronny opplever at mange er nysgjerrige på Sogn og Fjordane, på Førde og Sogndal. Dei synest fylket verkar spennande, litt mystisk. Mange har høyrt om Meieriet, men elles er kunnskapen stort sett laber. – Eg spring jo ikkje på alle toppar, det byr meg imot, kanskje nettopp fordi eg kjem herifrå. Fylket er perfekt for dei som vil nytte naturen, men det går fint an å la vere også, det kan eg skrive under på. Og dei er gode til å feste der, både dei som spring på toppane og dei som lèt det vere. I 2009 fekk Ronny Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, og han har ei klar nynorsk stemme i den elles ganske så urbane ungdomskanalen. Når Ronny sludrar i veg i P3–Morgen, er nynorsk kult. TEK ALDEREN MED RO. Ein dag flyttar han kanskje tilbake. Men Ronny brukar ikkje mykje tid på å tenkje framover. Nett no elskar han jobben sin i P3 og tek alderen med knusande ro. Men det kjem kanskje ein dag då P3–verten er i eldste laget for ungdomskanalen. Kven veit kva som skjer. NRK Sogn og Fjordane ligg i Førde. Han hadde sommarjobb der i to år. Men same kva som skjer – fjella skal få ligge i fred for Ronny Brede Aase. Dei er fine å sjå på også.

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF