Høgskulen på Vestlandet

HiSF

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/265366

Contents of this Issue

Navigation

Page 17 of 51

LÆREMEISTEREN GULL AV GRÅSTEIN Korleis har den lyse stripa komme inn her? Geologistudent Helga Hole pirkar i ein kampestein på sletta under breen. – Kva slags mineral er det? undrar ho og fotograferer fenomenet med mobilen. Professor Stein Bondevik elskar slike spørsmål. Like glødande som feltspat og biotitt ein gong har vore, forklarer han korleis det opna seg ein sprekk som vart fylt med smelta masse. – Det må ha vore varmt her då. – Ja, det skjedde mange kilometer nede i djupet. Stein, som elskar stein, står under Supphellebreen i Fjærland. Studentar frå både Sogndal og Førde har det store laboratoriet rett utanfor skuledøra, og flokkar seg rundt geologen. TRYGGE STUDENTAR. Karl Kristian Muggerud (21) lyttar og ser vekselvis på stein og Stein. Han meiner mannen med femdagarsstubbar og hår som struttar til alle kantar, er eit godt eksempel på at ein lærar med masse kunnskap lettare forklarer ting på ein enkel måte. Også på Geolabben er han visuell og litt gamaldags fordi han bruker tavla mykje, men Karl Kristian likar det. Stein snakkar slik at mora ville forstått han.Dessutan er ingen spørsmål for dumme. Tvert om, han gler seg over å dele kjærleiken til naturen med studentane. Det gjer dei trygge. Stein frydar seg over gleda han ser i andletet til Helga når ho forstår korleis stripa har kome inn i steinen. Ingenting får fram smilerynkene raskare enn nysgjerrige studentar med nasen i grus og stein. – Sjå der! ropar han brått. Det buldrar frå breen, og ein foss av snø og is rasar ned etter fjellsida, som til ære for Stein Bondevik. Denne årlege turen til Fjærland er ein døropnar til den dramatiske vestlandsnaturen. Den unge sogndølen Stein reiste ut i verda som attenåring. Via Tromsø og USA kom han til slutt heim og såg landskapet med nye auge. Geologauge. Han har tatt imot nye studentar i Sogndal i sju år. Tidlegare elevar helsar framleis når dei treffer han på gata. Det var Stein som alltid brydde seg, som tok affære dersom nokon ikkje møtte opp og kanskje sleit med noko. DIT STEIN PEIKAR. Bussjåførane ventar på etternølarane, som ikkje har lyst til å forlate steinane under breen. Men dei skal stoppe ein plass til. To busslastar med opprømte studentar svingar ned til Øygard, der eit stort jord- og steinras raserte garden i 2004. Studentane ser spora, høyrer historia og ser dit Stein peikar frå toppen av den store steinrøysa. For eit år dette skal bli! FAKTA Stein Bondevik Alder: 47 Studium: Geologi og geofare Frå: Sogndal Kvifor HiSF: Har studium i geologi Sogndal med eitt ord: Fotball Alltid i skulesekken: Minnepinne og blyant Skulevegen: 10 minutt langs Sogndalselvi Fjord eller fjell: Fjell

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF