Høgskulen på Vestlandet

HiSF

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/265366

Contents of this Issue

Navigation

Page 13 of 51

Under arbeid LEIAR AV DEI SMÅ SAMTALANE Vesle Magnus har ikkje lyst til å kle på seg og gå ut i dag. – Nei, dette er ikkje ein stillongs, Magnus. Det er ein genser. Det går sakte. Men endeleg er både genser, stillongs, regntøy, støvlar og lue på rett plass. Stian Stalsberg Kjørren går ut i den fuktige haustlufta med ein gut i kvar hand. Han er pedagogisk leiar på Gul avdeling i Prestebakken barnehage i Førde denne veka. Ikkje mange tenkjer over at ein barnehagelærar har leiarutdanning Stian hamna tilfeldig i barnehagen etter eit år ved NTNU i Trondheim. Data og elektronikk var hans greie, trudde han. – Men kroppen min toler ikkje å sitte heile dagen, seier han. Gode tilbakemeldingar både frå foreldre og kollegaer gjorde at han valde barnehagelærarutdanning i Sogndal. Det har han aldri angra på. – Det er så rett for meg! Lærarane brenn for faget sitt, klassemiljøet er godt, og i Sogndal har eg ei klassefølelse, ikkje saueflokfølelse som på store universitet. Det er heilt avgjerande for at eg trivst. Datakunnskapane har han stor nytte av, ikkje minst som pedagogisk leiar. FLEIRE MENN. Høgskulelektor Kjersti Haukedal roser samarbeidet mellom skulen og barnehagane. Studentane er ute i praksis kvart studieår, og det siste året tek dei over ei heil avdeling. Skulen har eit fast apparat med barnehagar i fylket og eit dyktig rettleiingskorps. Rundt ein tredel av studentane er gutar, og det er resultat av ei medviten satsing frå HiSF. – Vi ser til dømes at fedrar vert meir aktive i tilhøvet til barnehagen når dei møter andre menn der, fortel ho. SKIFTA KURS. Christian stemmer gitaren. Det er samlingsstund for smårollingane på Raud avdeling. Mange har ikkje lært å snakke enno, men dei elskar å høyre Christian Sørbøl Simonsen syngje. Han er pedagogisk leiar for ei veke, og hadde tenkt å bli lærar. Men etter to år som assistent i ein barnehage skifta han meining og kurs. – Her kan eg ta med meg eigne interesser inn i jobben og elles påverke kvardagen min sterkare, smiler han til nokre akkordar. – Syng Labbetuss! forlangar ungane, og Christian trallar dei inn på kjøkenet, ein etter ein. No er det MAT. VINN–VINN. – Mangfald er viktig, seier Trude Arlen Horne, leiar i Prestebakken barnehage. Det er ei tillitserklæring å vere praksisbedrift for HiSF. – Det er verdifullt for oss fordi vi må reflektere over eigen praksis og veremåte når vi har studentar her, seier ho. Studentane kjem med det siste innan utdanninga, og kan oppdatere dei som har lang erfaring, på det nyaste. Slik er det ein vinn-vinn-situasjon. – Når personalgruppa blir større, blir diskusjonane meir fruktbare, legg ho til. Trude er sjølv utdanna ved HiSF, og er glad for samarbeidet med sin tidlegare skule.

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF