Høgskulen på Vestlandet

HiSF

Studietilbod fra Høgskulen på Vestlandet. Les mer om fagområdene på HVL sine 5 campus.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/265366

Contents of this Issue

Navigation

Page 11 of 51

under arbeid EIT BRENNANDE LÆRARHJARTE Elevane i 4A ved Trudvang skule i Sogndal skriv skumle tekstar. Lærarstudent Irlin Charlotte Mandelid brenn for dei som slit mest. Irlin er glad i å reise, og jobba nokre månader som lærarvikar heime på Voss for å tene pengar. Der vart ho kasta inn i yrket. Men ho fekk ein tøff klasse til å fungere. Følelsen av å gjere ein forskjell gjorde at ho søkte lærarutdanninga i Sogndal. – Eg hadde gode fotballcupminne frå kampar i Sogndal, og ville ikkje studere i ein by, forklarer ho valet med. No går ho andre året og vurderer spesialpedagogikk som fordjuping. Irlin vil helst jobbe med dei som treng litt ekstra. – Dei svakaste må få den hjelpa dei treng. Det er fantastisk å sjå gleda i andletet til ungane når dei endeleg forstår noko dei har slite lenge med. Studentane er ute i praksis kvart studieår, og Irlin legg ikkje skjul på at nettopp desse er dei kjekkaste periodane i utdanninga. SMÅ KLASSAR, STOR KONTAKT. Fjerdeklassingane har fått eit bilete av eit skummelt hus som inspirasjonskjelde. Små hender viftar utolmodig i lufta. Irlin tek seg god tid hos kvar og ein. Ho les og ler, roser og hjelper dei som står fast, vidare. Det er som på høgskulen; små klassar og god kontakt mellom studentar og lærarar. – Ein vert sett og får god rettleiing og grundige tilbakemeldingar; førelesarane har sjølve erfaringar frå læraryrket, seier ho. Høgskulebygget har alt – kantine med god mat, bokhandel og bibliotek. Dessutan har alle elevane nøkkelkort, så dei kan låse seg inn på høgskulen når som helst. – Susanne og Cecilie hylskreik, dei skreik heile vegen inn til rommet til Susanne. Der stoppa det litt opp for eleven. – Kva skjer når dei kjem inn på rommet? spør Irlin. Er dei åleine der? – Nei, vampyrmannen er der, svarar eleven. – Spennande! Kva gjer jentene når dei får auge på vampyrmannen? – Dei snur seg og spring ut att. Det gløder ivrig i auga til jenta, og ho skriv vidare på eiga hand. Å vere lærar handlar mykje om sosialisering, oppdraging og samspel. Irlin vil vere ein blid og interessert, rettferdig og konsekvent lærar, men streng om det trengst. INGEN FAG BORTKASTA. Irlin liker å fotografere. – Det er supert å gå ut med kamera når ein er litt lei lesing. Ein treng ikkje gå langt for å finne gode motiv i Sogndal. – Eg vil gjerne reise meir. Som lærar kan eg jobbe mange stader, smiler ho. Men når den tida kjem, ser ho heller ikkje bort ifrå at ho slår seg ned i heimbygda Voss. Eit brennande lærarhjarte trengst nok der òg.

Articles in this issue

Links on this page

view archives of Høgskulen på Vestlandet - HiSF