Kondis

Kondis Utgave 6 - 2019

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/1152398

Contents of this Issue

Navigation

Page 60 of 71

61 Kondis 6 • 2019 PERSPEKTIV Det er ikkje så ofte eg er usamd med Johan Kaggestad, men da han snakka ned 10 000 m-løpet til Therese Johaug i NM, fekk eg trong til å ta til motmæle. Av Runar Gilberg Therese Johaug hadde nettopp vunni NM-gull og sprungi inn til meis- terskapsrekord med 32.20,86. I sololøp, midt på dagen i steikande solskin. Rett etterpå vart Kaggestad sitert på følgjande vis hos TV2: «– Det sier at Johaug er i god form. Hun løper ålreit, men det er ikke et internasjonalt nivå over det hun presterer, svarer Kaggestad og påpeker at hun ligger langt bak verdensrekorden.» Når nokon vinn NM-gull og er kjempe- glad for det, så er det etter mi meining heilt unødvendig å minne vedkommande på at tida er langt bak verdsrekorden. I NM handlar det ikkje om å setje verdsrekord, men om å vera best i Noreg, noko Johaug var med god margin. Sjølv ikkje Ingebrigtsen-brørne er på global rekordjakt i NM. Gled deg med dei glade, tenkjer eg, og må ein av einkvan grunn absolutt helle malurt i begeret, så la det iallfall gå minst eit halvt døger. Viser potensial Men sia temaet er brakt på bane: Kor langt frå internasjonalt nivå er ei norsk kvinne som spring på 32.20 utan drahjelp under varme forhold med ei ikkje-optimal disponering? For å ta det siste først, så er det å evne å disponere ein del av det å vera ein god løpar. Men når Johaug ikkje har sprungi baneløp på 11 år, så er det at ho opnar alt for hardt, først og fremst eit teikn på at ho har meir inne. Lat oss gi henne 15 sekund i fråtrekk dersom ho lærer seg å disponere. Jakob Ingebrigtsen vart hylla for sololøpet sitt i NM på 3.36,33 på 1500 m – sjølv om han var over 6 sekund bak persen sin. Alle veit at det er vanskelegare å springe fort utan dra- hjelp og nokon å knive med. Dei 6 sekunda Jakob var bak persen på 1500 m, blir 40 sekund om vi reknar om til 10 000 m. Så mykje tapte ikkje Therese på manglande drahjelp, men vi gir henne nye 15 sekund i fråtrekk. Da 10 000 meteren i NM gjekk, var det 22 grader i skuggen og solskin. Sjølv dei som taklar varme godt, spring seinare på ein så lang distanse når det er varmt enn når det er svalt. Eg trur at Johaug kunne brukt 20 sekund mindre om ho slapp å springe i solsteiken. Da er vi til saman oppe i 50 sekund – og Therese Johaug nede på 31.30. Det er sjølvsagt berre ei hypotetisk tid, men det fortel noko om potensialet til Johaug i den løpsforma ho allereie er i. Så er det veldig sannsynleg at ho fort ville fått framgang som flatløpar om ho la inn litt fleire banerelevante løpsøkter. Kor godt er 32.20? Men held vi oss unna det hypotetiske og berre nøyer oss med å seie at ho er så god som det klokka viste, 32.20. Kor bra er det? Som NM-tid er det den beste tida vi nokon gong har sett. Gunhild Halle Haugen som kvalifiserte seg til tre VM, to EM og eitt OL, hadde den gamle meisterskapsrekorden på 32.24. Mange vil meine at ei som jamleg kva- lifiserer seg til både VM og OL, er løpar på internasjonalt nivå. Berre fire norske løparar har nokon gong sprungi fortare enn det Therese Johaug no gjorde – i sitt første baneløp i vaksen alder. Ei av dei, Ingrid Kristiansen, var saman med Grete Waitz ei av verdas aller beste løparar i det førre hundreåret. Det er svært få løparar som ikkje kjem dårleg ut, om dei blir saman- likna med Ingrid og Grete. Men når Therese si NM-tid på 32.20 blir sett opp mot den norske rekorden til Ingrid på 30.13, så skal vi veta at 30.13 ikkje kom i eit heller spontant debutløp. Da var Ingrid topp førebudd og på sitt aller beste med Bislett Games som ramme. Dei aller fleste gongane Ingrid sprang 10 000 m, sprang ho på tider som likna ein god del meir på 32.20. Medaljekampen Eg var til stades under 10 000 meteren i EM i Berlin i fjor sommar. Det var klart varmare i skuggen enn under NM på Hamar, men løpet gjekk seint på kvelden, så løparane slapp sola. Gullet gjekk på 31.43,29 til israelske Lonah Salpeter og bronsen på 32.19,34 til svenske Meraf Batha. Så langt unna internasjonalt nivå var altså Therese Johaug – at tida ville ha blanda henne inn i medaljekampen i EM. Det vil eg seie er meir enn «ålreit». Ja, eg vil meine at det er internasjonalt nivå. Om ein som idrettsentusiast ikkje kan glede seg over ein slik NM-debut, blir det få ting å glede seg over. Desto finare var det å sjå kor glad og takknemleg Therese Johaug sjølv var etter NM-debuten på Hamar. Idrettsglede på høgt internasjonalt nivå. Klasse: Therese Johaug fighta undervegs og var strålande fornøgd etter 10 000 meteren i NM. (Foto: Samuel Hafsahl) Ikkje internasjonalt nivå?

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis Utgave 6 - 2019