Kondis

Kondis Utgave 10 - 2018

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/1058492

Contents of this Issue

Navigation

Page 60 of 71

61 Kondis 10 • 2018 PERSPEKTIV Sjølv om det ikkje er så lett å definere, så er det noko eige med å høyre til i løps- miljøet, sa ein eg sprang ein lang tur saman med i som- mar. Det kan eg vera einig i. Av Runar Gilberg Det finst eit miljø for det meste, iallfall på større stader. Da eg i nesten to år budde i ei lita bygd i Nordland seint på 80-talet, var eg den einaste som sprang regelmessig der. Noko løpsmiljø ikring meg hadde eg ikkje, og eg visste knapt at Kondis fanst. Eg sprang åleine og reiste til konkur- ransar åleine. Det fanst ikkje noko internett der eg kunne lesa reportasjar, eller sosiale medium som let meg fortelje omverda kor flink eg hadde vori. Overgangen var stor da eg flytta til Kristiansand og etter kvart Oslo og fekk ein klubb og likesinna å trene med. Eg kunne dra på fellestrening fleire gonger i veka og avtale springturar med andre løparar dagane imel- lom. Vi var ein gjeng som sette oss mål og trena lystig i lag for å nå dei. Usynleg lim Og likevel trur eg ikkje det var dette lokalet miljøet av klubbar og kameratar han først og fremst meinte, han som syntest det var fint å tilhøyre løpsmiljøet. Iallfall ikkje berre det. Snarare var det kjensla av å ha noko felles når han møtte løparar, enten det var på klubbtre- ning, på løp, på reise eller på nettet. Så du spring? Det gjer eg òg. Kva slags mål har du i sikte? Kanskje vi skal ta ein tur i lag? Uansett kor forskjellige vi er når det gjeld alder, ambisjonar og nivå, så har vi som spring noko til felles. Gleda over å ta på joggeskoene, om så før frukost, og leggje nokre kilo- meter eller mil bak oss. Etterpå kan vi glise til kvarandre og vera samde om kor fin turen var og kor bra livet er. Det blir utvikla eit slags usynleg lim mel- lom dei som har sprungi og sveitta i lag. Og dermed ikkje sagt at løpsmiljøet er noko betre enn andre miljø. Dei seinare åra har eg vanka ein god del i klatremiljøet, og det står ikkje noko tilbake for løpsmiljøet. Det er minst like sosialt, raust og inkluderande. Fine folk som deler beta, gir kudos med neven og gled seg med dei glade. Det same kan heilt sikkert seiast om både andre idrettsmiljø og kulturmiljø. Mange kjenner seg heime og er glade for å vera ein del av musikk- eller lit- teraturmiljøet. For min eigen del er det likevel noko eige med å høyre til i løpsmiljøet, som har vori ein del av meg størsteparten av livet. I skade- periodar har eg fått det litt meir på avstand, men aldri meir enn at eg har gledd meg til å komma tilbake. Kniving undervegs I haust fekk eg for første gong på lenge noko som likna på ein konkurransesesong, og eg kjente at det var inspirerande og godt å vera tilbake også som løpsdeltakar. Sjå gamle kjente og mange nye. Finne meg nokon å knive med undervegs og takke for fighten eller drahjelpa etterpå. Litt lenger bak i feltet enn eg var van med, men gleda i målområdet var ikkje mindre av den grunn. Til sist let eg meg òg lokke til å bli ein del av løpsmiljøet på Strava. Staden der folk legg ut øktene sine og gir tommel opp til kvaran- dre, enten økta har vori ein kort morgontur til jobb eller ei saftig intervalløkt i bratt bakke. Fordi vi har gjort noko liknande sjølv og veit kva det går ut på, nikkar vi anerkjennande og let oss inspirere av dei som ikkje lar seg stanse av verken haustmørke eller kuldegrader. Kudos, Eirik – bra sprungi, Marianne! For inst inne er vi løparar, i eit synleg eller usynleg nett av likesinna. Vi som legg opp dagen slik at vi får tid til å trene. Som av og til møtes i lunsjen for å få ein time ute medan vintersola enda har kla- ring til horisonten. Det er fint å vera del av løpsmiljøet, sa han som eg sprang over fjellet med i som- mar. Eg kunne ikkje anna enn å gi han med- hald. 2018 minus alle løpsopplevingane ville vori eit fattigare år enn 2018 med alle løps- opplevingane – sjølv om eg sikkert hadde gjort mykje anna fint i staden om eg hadde sprungi mindre. Takk til alle dykk eg fekk dele dei med. Ein plass å kjenne seg heime RUNAR GILBERG Tilbake: Det var fint å skli inn i rekka av løparar igjen, som her under 3-Sjøersløpet i Stavanger. (Foto: Erling Angeltveit) «2018 minus alle løpsopplevingane ville vori eit fattigare år enn 2018 med alle løpsopplevingane»

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis Utgave 10 - 2018