Kondis

Kondis Utgave 10 - 2018

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/1058492

Contents of this Issue

Navigation

Page 17 of 71

18 Kondis 10 • 2018 Først tok han gull i junior-NM i terrengløp, og ein månad seinare gjekk han heilt til topps i nordisk i same disiplin. 18 år gamle Håkon Stavik har verkeleg markert seg i haust. Av Runar Gilberg Håkon Staviks store løpshaust L øpa i NM og nordisk var så gode at Håkon Stavik vart teken ut på det norske laget til EM i terrengløp. EM blir arrangert etter at dette bladet har gått i trykken, så korleis det gjekk der, er i skrivande stund ikkje kjent. I nordisk, som gjekk på Island 10. november, vart det ikkje berre individuelt gull, men òg laggull på Håkon. Sigeren var høgdepunktet i løpskarriera så langt, og sjølv om han hadde gull som målsetjing, så tok han det ikkje for gitt. – Eg hadde sikkert vorti skuffa om det ikkje hadde vorti gull, men det var veldig greitt å klare å avgjera mot dei to sterke svenskane. Eg sprang ifrå da det stod att ca. 700 m og følte eg hadde ein slags kon- troll. Det svara veldig bra da eg først gjekk til sjølv om eg ikkje hadde kjent meg så sterk før eg trakka på gassen, seier Håkon som til sist vann med 2 sekund. Det er gjerne slik han likar å leggje opp løpa – opne kontrollert og så springe fort og ifrå mot slutten. Det same gjorde han under NM ter- rengløp på Bratsberg utanfor Trondheim tidlegare i haust. Son til Hilde Stavik Mange Kondis-lesarar vil kjenne til Stavik som eit sterkt løparnamn lenge før Håkon sette fart i løypene. Håkon er son til Hilde Stavik som på 1990-talet sprang til dømes 3000 m på 8.47 og halvmaraton på 1.10.21. Ho tok ni NM-gull på 1500 og 3000 m, og under halvmaraton- VM i Oslo i 1994 vart ho nummer seks individuelt og tok sølv i lagkon- kurransen saman med Brynhild Synstnes og Grete Kirkeberg. Dessverre døydde ho alt for ung, i 2015, da Håkon enda var berre 15 år. Håkon fortel at han gjerne skulle delt sigrane i både NM og nordisk med mora, som i oppveksten ivra for å få han med på friidrett, men som aldri la noko press på han. – Ho ville nok vorti veldig overraska om ho hadde sett meg vinne NM eller nordisk, for det var lite som tyda på det i 2015, fortel han. Fram til da hadde det nemleg vori fotball som Håkon heldt mest på med og likte best. – Eg starta med fotball som sjuåring og friidrett da eg var ni. Eg var veldig interessert i fotball, og det var der eg hadde kompisane mine. Det var veldig gøy, og eg gjorde det òg bra og kom på både by- og kretslaget. Men etter kvart vart eg litt for liten fysisk for fotball, og eg bestemte meg for å satse på springinga i staden. Mykje å gå på Men det er eigentleg berre dei to siste åra at Håkon har trena struktu- rert og samanhengande. – Eg sleit med skadar som 15-åring og kom ikkje ordentleg i gang før UNG-KONDIS Gullgest: Håkon Stavik vart i haust både norsk og nordisk meister i ter- rengløp. Her ser vi han juble for gullet i NM. (Foto: Ane Korsvold) Håkon Stavik Alder: 18 år Bustad: Langevåg utanfor Ålesund Yrke: Ålesund videregående, 3. året på idrettsfag Klubb: Ålesund FIK Trenar: Svein Myhre Idrett: Løping Perser: 3.57,79 på 1500 m, 8.20,26 på 3000 m, 14.35,20 på 5000 m og 30.37 på 10 km (Hytteplanmila) Merittar: 2018: Gull nordisk og NM terrengløp lang løype, sølv nordisk og junior-NM 5000 m, sølv NM terrengløp kort løype, 2017: Gull NM terrengløp kort løype, sølv NM terrengløp lang løype, sølv UM 3000 m, 2016: Gull NM terrengløp lang løype i gutar 16.

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis Utgave 10 - 2018