Kondis

Kondis Utgave 8 - 2018

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/1052270

Contents of this Issue

Navigation

Page 34 of 47

35 Kondis 8 • 2018 «Det gjeld å nyte livet mens ein har det», skreiv ei eg kjenner til meg idet somma- ren gjekk mot haust. Av Runar Gilberg D et kunne eg ikkje vera uei- nig i. «Klarer vi ikkje å glede oss over dei gode dagane, blir det verkeleg krevjande når dei tunge dagane kjem», skreiv eg tilbake. Har ein ikkje gledes- modusen skrudd på frå før, kan ein søkke djupt når ein møter ein eller fleire av dei tre S-ane – sjukdom, skade, sorg. Eg har, som dei fleste som har levd nokre tiår, vori borti alle tre. Dei er ein del av livet og knappast til å unngå. Same kor sunt ein et, kor balansert ein trenar, kor mange smittekjelder ein unngår og kor påpasseleg ein er med søvnen – ein morgon vaknar ein likevel opp med sår hals og feber. Eller kneet gjer så vondt på spring- turen, nærmast utan førevarsel, at ein må snu å gå tilbake. Eller det forholdet som var så fint, endar brått. Vi veit aldri kva som ventar, og avstanden frå glede til sorg kan vera ube- hageleg kort. Skade Kven av dei tre S-ane som er verst, vil variere frå person til person. For dei som er ein god del mindre glade i å trene enn meg, er det inga stor krise å vera skada. Livet rullar vidare – i trapp eller bil – omtrent som før uansett. Dei fleste skadar er dessutan slik at dei går over. Kroppen har ei eiga evne til å reparere seg, og det er mykje god hjelp å få frå idrettsmedisin- ske fagfolk. Best er det – for oss treningsglade – med skadar vi kan trene oss bra av. Sjølv om vi ikkje kan trene på den måten vi aller helst vil, så kan vi leggje energien vår i rehabøvingar og alternativ trening for å komma fort og kan- skje sterkare tilbake. Sjukdom Verre er det når ein er sjuk og ikkje kan ty til trening som medisin. For min eigen del bruker eg å dele sjukdommen i to kategoriar eller fasar. I den eine er eg så sjuk at eg verken har lyst til eller godt av å trene. Da gjeld det å halde ut, ta det med ro og vente. I den andre fasen er sjukdommen mildare, og eg kan røre meg litt, på låg intensitet. Berre å kunne ut å gå ein kort tur hjelper veldig. Da, når den store S-en er i ferd med å bli liten, kjenner eg at eg er på veg tilbake. Det gjeld berre å ikkje bli for ivrig. Sorg Sorga hindrar ikkje trening. Snarare kan ho få meg til å trene meir. Plusse på med to ekstra drag på sykkelintervalløkta opp til Grefsenkollen – for å få det triste ut. Men sorga ligg der som eit gråsvart slør likevel. Det hjelper å trø, det seinkar seg eit slags midler- tidig velvære, men sorga blir ikkje borte – før tida til sist tek ho med seg. Gradvis kjem far- gane tilbake. Fuglesongen, lukta av jord og skog og haust. Om det finst noko godt ved sorga, så er det at ho fortel at det var noko veldig fint der – før eg miste det. «Over skyene er himmelen alltid blå», skreiv ho. Ja visst. Men er vi langt nede, må det ei oppklårning til om skinet frå sola skal få tine oss opp. RUNAR GILBERG Perspektiv Det store rommet: Det blir sagt at over skyene er himmelen alltid blå. (Foto: Eldbjørg D. Moxnes) Gradvis kjem fargane tilbake. Fuglesongen, lukta av jord og skog og haust. Dei gode og ikkje fullt så gode dagane

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis Utgave 8 - 2018