Kondis

Kondis Utgave 7 - 2018

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/1030517

Contents of this Issue

Navigation

Page 56 of 71

57 Kondis 7 • 2018 Skal ein bli god til å springe, så skulle ein tru at det er ein stor fordel å like å springe. Men blir det for mykje liden- skap innblanda, kan det fort slå negativt ut. Av Runar Gilberg E in eg kjenner, som sjølv sprang på høgt nivå, sa det ein gong slik: «Skal du bli god til å springe, må du av og til ut å springe sjølv om du ikkje har lyst. Men du må òg av og til la vera å springe sjølv om du har lyst.» For lidenskaplege løparar vil det siste vera det vanskelegaste. Om beina er slitne, om halsen er sår, om hælsenene kranglar, om ein sprang maraton i går – så må ein likevel ut å springe. I utgangspunktet berre ein liten lufte- tur, som likevel blir ganske lang, for det er så fint å vera i rørsle ute. Oj, som ein kjenner at ein lever når ein spring. Best i verda Men skal ein bli best i verda, nyttar det ikkje å halde på slik. Å trene når ein skulle ha kvila, å springe på seg skadar fordi ein ikkje klarer å ta fri, å køyre seg i senk når ein skulle ha floti fint med straumen. Og det har slått meg at fleire av dei som har vorti veldig gode til å springe, ikkje har vori lidenskaplege løparar. Dei har hatt eit kjølegare, meir distansert forhold til det heile. Eg intervjua Marius Bakken, som framleis har den nordiske rekorden på 5000 m med 13.06,39, medan han var på topp. Han sprang ikkje fordi han syntest det var så kjekt å sprin- ge, men fordi han ville sjå kor god han kunne bli. Han var forskaren som var på leiting etter å finne den treningsmiksen og levemåten som gav det optimale resultatet. På spørsmål om kva som var det mest verdifulle springinga hadde gitt han, svara han: «Det er muligheten til å utforske kroppen og se hvor langt jeg kan drive det. Jeg drar sjelden ut for å få en opplevelse. Vakre omgi- velser er inspirerende, men det er ikke det som driver meg.» «Så lite vi kan» Noko av det same ser vi hos Team Ingebrigtsen. Dei trenar ikkje fordi dei er så uhorveleg glade i å springe. Dei trenar fordi dei vil bli best. Og da gjeld det ikkje å trene mest mogleg, men lurast mogleg. Trenar Gjert har sagt det slik: «Når vi får spørsmål om hvor mye vi trener, svarer vi: «Vi trener så lite vi kan for å bli så gode vi kan.» Mer er svært sjelden bedre enn nok.» Da eg prata med Jakob Ingebrigtsen etter eit av gulla i EM, fortalde han at han ikkje sat- sar for å satse. «Om eg ikkje kunne vorti ein av verdas beste, ville eg ikkje haldi på.» Sjølvsagt finst det òg lidenskaplege løpa- rar som har vorti best i verda eller Asia. Som Haile Gebrselassie, Ingrid Kristiansen, Yuki Kawauchi. Men dei må evne å tøyle den liden- skapen som så fort tenkjer «jo meir, jo betre». Til gjengjeld slit dei ikkje med motivasjonen. Dei fer ut i alt slags vêr og held fram med å trene lenge etter at alderen gjer at formpila peikar nedover. Bonus i boka Dei er amatørar i ordets eigentlege betydning. Dei elskar det dei gjer, og sluttresultatet vil slik sett bli mindre viktig. Proffane har målet så tydeleg for auget at dei gjer akkurat det som trengst. Langt nok og hardt nok. Men ikkje ein ekstratur i solnedgangen berre fordi det er så fint å vera ute og for å få nokre bonuskilometer i boka. Og kan hende er det ikkje berre i idretts- biten av livet at for mykje lidenskap kan for- kludre. Som Queen sa det i songen dei spelte under minnekonserten til frontfigur Freddy Mercury: «Too much love will kill you.» Men du verda kor godt det er – å leva liden- skapleg – så lenge flammen brenn. RUNAR GILBERG Perspektiv For mykje fyr i flammen? Glødande: Det er ikkje gitt at eit brennheitt forhold til løpinga er det beste. (Foto: iStockphoto) Og kan hende er det ikkje berre i idrettsbiten av livet at for mykje lidenskap kan forkludre

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis Utgave 7 - 2018