Kondis

Kondis 06 - 2018

Kondis, bladet for norsk organisasjon for kondisjonsidrett – er en organisasjon for deg som er interessert i kondisjonsidretter som løping, langrenn, sykkel og multisport.

Issue link: http://digital.findexaforlag.no/i/1013606

Contents of this Issue

Navigation

Page 58 of 71

59 Kondis 6 • 2018 I sommar hadde eg gleda av å gå/springe kyst- stien frå Åsgårdstrand til Slemmestad. 108 km på tre dagar. Perlene kom så tett at eg knapt rakk å ta til meg all idyllen. Men den gjorde likevel noko med meg. Av Runar Gilberg D et finst mange underverk for oss som likar å ferdast til fots: pilegrimsleier til Santiago de Compostela og Nidaros, merka stiar i Jotunheimen og Appalachane, rallarvegar og flotte turvegar rundt både Stokkavann og Sognsvann. Det er mykje fint å velje mellom, og høgt opp på lista mi kjem Kyststien langs Oslofjorden. Det vil seie, nokon kyststi i ein- tal med stor K er det ikkje. Det er ei rad med stiar – korte og lange, flate og bratte, breie og tynne – som er forsøkt sydd i saman til ei rute som ein kan følgje fjordalangs gjennom fleire fylke. Samansyinga er langt frå perfekt. Innimellom blir det trasking på trafikkerte asfaltvegar, skiltinga er fleire stader skral, og utan mobilkartet zooma inn, er det vanske- leg å finne fram. I mange avgjerande kryss manglar det merking, og ein kan få ei kjensle av at nokon har prøvd å halde godbitane for seg sjølv. Strender og svaberg For det er godbitar det handlar om. Både stiane i seg sjølve og alle dei flotte plassane dei tek oss til. Her er lune viker og sandstren- der, svaberg og knausar, bratte skrentar og lauvskogar med så vakkert ljos at ein fort kan tru at trea har sjel og vil oss vel. Og på ein varm sommardag så vil dei heilt klart det. Dei svalar og gir skugge – eit pusterom før skogen igjen opnar seg, og det blir vidstrakt utsyn over fjord, holmar og øyer. For mange av oss som er glad i å springe, sykle og renne langt, så ligg det ei eiga glede i det å ha landskap og løype framføre oss. Det er sjølvsagt fint å ha ei kort skiløype å gå rundt og rundt i, men noko heilt anna er det å ha heile marka eller fjellet framføre seg. På same måte er det med stiane. Ein innby- dande sti kan gi mykje glede, nesten same kor kort han er. Men å finne ein som er så lang at det berre er å nøste og nyte timevis og kanskje dagevis, blir noko heilt anna. Sydd saman Stiane langs kysten i Norge er stort sett korte opplevingsstiar som kvar for seg er fine nok for eit besøk. Men det fantastiske er at nokon har teki seg bryet må å sy desse småstiane saman til ei langstrakt oppleving. Kyststien er for oss som liker å ha landskap og løype framom oss, samstundes som vi har lagt land bak oss. Den er for oss som lurer på kva som gøymer seg bak neste odde eller høgdedrag. Vi går og er til stades der vi er, og samstun- des med ei undring på kor neste blåmåla pil vil føre oss – dersom vi finn ho. Men slik er det gjerne, at dei verkelege perlene må ein leggje ned ein innsats for å finne. RUNAR GILBERG Perspektiv På perlejakt i skjergarden Utsyn: Artikkelforfattaren gir tommelen opp for dei opplevingane tredagars turen langs Kyststien gav. (Foto: Terje Gilberg) I mange avgjerande kryss manglar det merking, og ein kan få ei kjensle av at nokon har prøvd å halde godbitane for seg sjølv.

Articles in this issue

Archives of this issue

view archives of Kondis - Kondis 06 - 2018